Svein Inge Olsen og Olav Knutsson Tveiten

Share

Tysdagskvelden hadde eg med meg på telefonen frå Kristiansand ein etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten. Svein Inge Olsen er leiar av Protestfestivalen, som han skipa til for første gong saman med Kai Erland for 15 år sidan.

Som etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten var han på Tveitetunet då VG var der for å fotografere etterkomarar etter eidsvollsmannen. Veret var ufyseleg, men han trudde det hadde vore om lag 50 personar der. Eg trefte forresten Pål Dale i Valle i dag og han hadde og vore der og var den einaste som kom i bunad, noko som i grunnen var høveleg i det stygge veret, for ein frys ikkje så lett i skinnfu, sa han.

Svein Inge Olsen har skrive boka Kjempa frå Setesdal. Han er sjølv etterkomar etter Sigrid Olavsdotter Tveiten og Bjørgulv Eivindsson Uppstad, kjempa frå Uppstad som i vaksen alder flytta til Gautestad i Evje og der uttalte at det er ikkje verande i Evje sokn, dei fylgjer lovi. Boka var laga i 1999, i august det året hadde dei slektsstevne med over 400 deltakarar frå Norge og USA. I boka er det og eit slektsregister over den greina av slekta, og omtale av mange av etterkomarane etter Olav i den aktuelle greina.

Men han visste ikkje om nettstaden eidsvollsmenn.no, så vi fekk ein sjeldan samtale der intervjuobjektet også er nysgjerrig på det intervjuaren kan. Medan vi snakka, gjekk han inn på nettstaden og vart litt interessert i dette. Han fortalde at då han laga boka, var han svært oppteken av slekta på morssida, sidan hadde han laga ei bok om slekta på farssida og, den kjem frå Nord-Norge. Boka om Kjempa frå Setesdal hadde han sjølv kjøpt restopplaget av, så han hadde ho framleis til sals.

Journalisten i VG har no meldt at artikkelen om Olav Knutsson Tveiten og etterkomarane hans kjem i avisa palmelaurdag, så då tenkjer eg det er mange som vil skaffe seg avisa for å sjå kva ho fekk ut av besøket i Valle. Svein Inge Olsen tok det som ein tur med to av barna sine og var godt nøgd med turen til Valle, sjølv om veret var heller ulageleg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *