Regionmøte for NLM Sør

Share

Denne helga er det regionmøte for Region Sør i Norsk Luthersk Misjonssamband. Dei møtest på Evjetun, folk som stør arbeidet til denne organisasjonen. I ein samtale eg hadde med styreleiaren i regionen, Helge Norheim frå Flekkerøy, fortalde han at dei rekna med 170 utsendingar til møtet. I tillegg kom det mange som ikkje var utsendingar, så på møtene kunne dei nok bli 500 på det meste.

På slike møte har dei som oftast ein misjonær med, og denne gongen er det Marit Thingbø frå Sandnes. Ho har vore misjonær i Kenya og Tanzania, men reiser no for organisasjonen. I tillegg vil mange lokale medarbeidarar vere engasjerte i programmet: Maria Byrkjedal, Andreas Årikstad, Jogeir Lianes, Anders Martin Pedersen og Øystein Engås skal ha bibeltimar for ulike aldersgrupper. Bernt Olav Rimmereid har ungdomssamlinga i kveld klokka 22.

Sjølv var Helge Norheim ikkje på val i år, han var vald i fjor for to år. Men i tillegg til å melde om arbeidet i regionen, skulle det vere val. Regionen har dei siste åra hatt møta på Evjetun, det ligg nokonlunde midt i regionen, men dei vurderer å flytte austover neste år, for å kome nærare dei austlege delene av regionen.

Ei slik samling er ein stor inspirasjon for misjonsfolket, og Helge Norheim gledde seg til å kome til Evjetun att. Han hadde og vore på jolemessa på Rysstad, som er ei annan stor inspirasjonssamling for misjonsfolket i Setesdal.

Innovasjon og næringsutvikling i Aust-Agder

Share

Dette var tittelen på ein annonse i Setesdølen tysdag, og då eg tok kontakt med assisterande fylkesrådmann John G. Bergh, som er dagleg leiar for Aust-Agder utviklings- og kompetansefond, ville han gjerne vere med på telefonen i sendinga i Valle Radio for å fortelje om utlysinga av prosjektmidlar.

Ein av grunnane til at eg likar å arbeide med radio, er at eg lærer noko når eg held på. Eg hadde ikkje høyrt særleg mykje om dette fondet, men John G. Bergh fortalde at det var oppretta 8. september 2003 for pengar kommunane fekk då dei selde aksjar i Agder Energi. Alle kommunane i fylket er medeigarar, men Arendal og Grimstad eig mest. No har fondet ein grunnkapital på 244 millionar kroner, men under finanskrisa kunne dei ikkje dele ut pengar av avkastninga, til det var avkastinga for lita.

I alt har dei delt ut 60 millionar kroner på dei ti åra dei har hatt høve til å dele ut pengar. Det meste har gått til prosjekt relatert til å få i gang universitet på Agder, men når det no er i boks, har styret vedteke å dele ut inntil 10 millionar kroner relatert til innovasjon og næringsutvikling i fylket. 6 millionar er disponert til prosjekt som har fått støtte tidlegare, 4 kan brukast til nye prosjekt.

I samtalen fekk vi vite at Evjeklinikken har fått pengar frå dette fondet, det same har Setesdal Regionråd, men elles er det ikkje så mange døme på at bedrifter i Setesdal har fått pengar frå fondet gjennom dei ti åra det har delt ut pengar. Det kan ein imidlertid rette på, og Bergh vona at det kom søknader frå Setesdal denne gongen. Om folk ikkje heilt visste korleis dei skulle gå fram, kunne dei finne fleire opplysningar på http://www.aaukf.no. Dei kunne og ta kontakt med han eller rådgjevar Tine Mette Falck på telefon, så ville dei gje rettleiing og svare på spørsmål.

Konfirmasjonstid

Share

I dag var det samtalegudsteneste med konfirmantane i Valle kyrkje
klokka 11. Konfirmasjonen er laurdag 31. mai klokka 13 i Hylestad og 1. pinsedag klokka 11 i Valle.

Konfirmantane i år er:
Malene Homme, Elin Uppstad, Hanne Nomeland, Lisbet V. Homme, Aron Åkre Rysstad, Kristoffer Åkre, Kristian Thaule , Åsmund Svendsen Bjørgum, John Hallvard Kjelleberg, Jon Homme Paulsen, Synne Åkre, Annbjørg Bjørgum Sagneskar, Tiril Brokke, Tone Hallvardsdotter Nomeland, Christian Solheim, Tor Hagen, Åsmund Tanche-Larsen Knutsen, Arne Johnnyson Pedersen, Jørund Rysstad og Torbjørn Straume.

I Bykle er desse konfirmantar sundag 1. juni:
Halvor Lund Arbakk, Gunvor Bjørgum, Elisabeth Byklum, Audun Haugen, Mari Tveiten Hoslemo, Halvor Hovden, Lars Knutson Rysstad, Jan Rune T, Skavlid, Øyvind Trydal og Erik Nordjordet Vehus.

Også i Bygland er det konfirmasjon 1. mai:
Maria Attestog, Lilly Alice Carlsen, Jon Toralf Frafjord Helle, Stian Eiliv Harnar Limann, Vetle Bråthe Lund, Ann-Capris Tørresen og Ida Cathrine Aakhus.

Konfirmantlistene fann eg i Setesdølen nr. 41, 2014 side 2. Eg skulle ha lese dei opp i radioen tysdagskvelden, men eg gløymde både gudstenestene og overhøyringa i kunngjeringane eg hadde denne dagen. Så får eg gjere det godt att her.

Lukke til med konfirmasjonen til alle konfirmantane og familiane deira.

Stevne på Gautestad

Share

I morgon, Kristi Himmelfartsdag klokka 14, er det stevne på Gautestad kurs- og misjonssenter. Dette er ein eigen stiftelse som høyrer til Norsk Luthersk Misjonssamband.

I kveld var det kulturkveld der. Den var ikkje avertert, men medlemmer kunne ta med seg venner på arrangementet, som starta med middag klokka 18, og deretter var det festkveld om diktaren Trygve Bjerkrheim, hans liv og virke og det han har skrive. Det var Erik Kjebekk og Kåre Ekroll som orienterte om diktaren, og Ekroll fortalde om Bjerkrheim sine sangar.

Denne kvelden var i grunnen opptakten til Gautestad-stevnet i morgon. Då talar Kåre Ekroll, og Mette og Roger Sørensen fra Flekkerøy syng. Dei som står bak stiftelsen vonar på mange folk denne dagen.

Les meir om Gautestad på heimesida deira http://gautestad.no/ eller på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gautestad_kurs-_og_misjonssenter

Arrangementet vart omtalt i Valle Radio i tysdagssendinga 27. mai 2014.

Bjoren på fjorden

Share

Fredag kunne vi lese i Setesdølen at Bjoren ikkje kom på fjorden på grunn av låg vasstand. Men i dag hadde avisa ein artikkel om at no var båten likevel på vatnet og at alt hadde gått bra. Det førte til at eg tok ein telefon til kaptein Sven Robert Kleppe. Han bur i Kristiansand og har tidlegare sigla på dei store hav, på tankbåtar og stykkgodsbåtar, men dei siste fem åra har han vore skipper på Bjoren. 

Han kunne fortelje at alt torsdag og fredag skal dei gå med cruisepassasjerar. Då tek dei 55 passasjerar, to bussar kjem frå cruisebåtane, den eine gruppa blir med på tur nord medan den andre får ein rundtur på museet og glashytta. Så byter dei når båten kjem til Bygland. Det er ein populær tur, i år skal dei gå 17 dagar med dette opplegget. I tillegg kjem dei faste turane på sundagane, dei startar fyrstkomande sundag klokka 12 frå Bygland. 

Inkludert i bilettprisen er kaffe, så kan ein kjøpe anna drikke. Men mat må ein ha med i boks eller pakke. Og bilettane kostar 200 kroner for vaksne og halv pris for barn, 500 for ein familie. Turen går til Fånefjell og tilbake, det er ikkje råd å gå nordover no på grunn av slusene. Kleppe fortalde at dei er tre mann ombord Alf Risdal er matros og Jan Hermansen er maskinist, men det er mange som byter på maskinistjobben. Dei er tre som byter på å vere kaptein, Stein Roger Torsen og Sven Svensen er og med i turnusen som skipper.

Då er det bare å kontakte Glashytta for å bestille plass for ein tur med Bjoren på fjorden.

Valle Radio veke 22, 2014

Share

Her er programmet for komande veke i Valle Radio:

Tysdag 27. mai

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Aasulv Lande fortel om Eivind Torkjelson Lande
19.30 Aktuell time
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjevbakken

Onsdag 28. mai

Teknikar: Torhild Sandnes

18.00 Møte i Valle kommunestyre

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

TV-kyrkjelyd

Share

Eg høyrer til dei som ofte set seg framom tv-apparatet for å sjå gudsteneste. Ettersom det alt for sjeldan er gudsteneste på norsk TV, leitar eg meg fram til http://www.svt.se/gudstjanst/ klokka 10.05 på sundagsmorgonane for å sjå gudstenesta der. Det er eit flott program som varer i om lag tre kvarter.

I dag var gudstenesta frå St. Olofs kyrka i Norrköping, det var ei fin gudsteneste med mykje song og musikk. http://www.svenskakyrkan.se/default.aspx?id=1131611

Bönsundag kalla dei dagen i Sverige i dag, og presten hadde ei fin preike om bøn. Men toppen av programmet for meg var avslutningskoret, der dei song Bach: Jesus bleibet meine Freude. Her er ei innspeling på youTube: https://www.youtube.com/watch?v=iPeVIuRjUi4

Eit stort kor i de svenske kyrkja med obo, bass og orgel, det vart ei oppleving eg gjerne deler med deg som les bloggen. Men då må du klikke deg inn på første lenka i denne bloggposten og høyre denne gudstenesta.

Sportsfiskets år

Share

Eg prøver å skrive litt om det eg har hatt som innslag i sendingane mine i Valle Radio. Onsdagskvelden fekk eg litt tid til overs. Eg kunne spelt ei plate og sagt takk for meg, men plutseleg kom eg til å tenke på at eg hadde sette eit bilete på Facebook av Ronny Stavsholt som var instruktør i eit kurs i fluefiske på Evje.

Den kvelden skulle Ronny ha opi sending, og han stod ute i teknikken litt før han skulle ta over i studio. Dermed vinka eg han inn i studio og bad han fortelje om kurset. Det ville han gjerne. Han fortalde då at innan Jeger- og fiskelaga har dei Sportsfiskets år i år, og difor hadde dei spurt han om å vere kursleiar på Evje. Det var eit titals deltakarar og på to kveldar gav han dei ei innføring i korleis dei skulle fiske med flue. Han er dommar i casting og er glad i å halde på med dette, så han likar å ha slike kurs.

-Det er så flott å sjå lyset i augo til folk som får det til, og på dette kurset hadde vi først ein dag med tørrtrening og så gjekk vi til elva for å kaste og prøve å få fisk. Alle deltakarane fekk fisk, eg veit ikkje kven sine augo som lyste mest, om det var ungane eller dei vaksne, smilte Ronny, som sa seg svært godt nøgd med kurset.

Det vart siste innslaget i Haralds time denne onsdagskvelden. Du kan lese meir om Sportsfiskets år her: http://www.njff.no/portal/page/portal/njff/nyhet?element_id=238364106

Joker Bygland

Share

Onsdagskvelden hadde eg ein telefonprat med Anne Lise Limann om Joker Bygland, som ho eig og har drive i nærare 30 år. I mai 2014 vart det gjennomført ei total opprusting av butikken, med nytt golv, nye hyller og frys og kjøl og lys. Dette var omtalt i Setesdølen. Men eg tenkte at vi kunne ha ein liten prat i radioen, og sjølv om ho var litt nølande då eg spurde henne, vart ho med i Haralds time.

Det vart ein hyggeleg prat der ho fortalde om butikken. Det arbeider i alt åtte personar der, men ikkje i fulle stillingar. Arbeidsplassen deira har blitt mykje trivelegare etter oppgraderinga, og ho framheva det gode arbeidet byggmester Kjetil Vegusdal hadde gjort, det var han som hadde stått for hovudarbeidet. I tillegg hadde Evje Elektro Service stått for elektrikararbeid og røyrleggar Øystein Lien hadde og hatt oppdrag.

Då dei skulle fylle inn i hyllene etter omlegginga, kom det 40 personar frå industrien for å vere med og få alle varene på plass. Eg kan tenkje at då var det fullt i butikken.

I tida framover vil ho og satse på catering og levere smørbrød til møte og samlingar. Butikken ligg i Bygland sentrum og har sine faste kunder, det er lite drop in frå riksvegen i Joker Bygland. Men Anne Lise ønskte lyttarane i Valle Radio velkomen innom og eg ønskte henne lukke til med ny butikk.

Meir om bærekraftig reiseliv

Share

Måndag 12. mai skreiv eg om dette: http://valleradio.blogs.no/2014/05/12/baerekraftig-reiseliv-18431136/

I Haralds time i går hadde eg ein prat med Anne Dorte Carlson, som er rettleiar i prosessen for at Setesdal skal kunne ta merket for bærekraftig reiseliv. Ho har hatt møte med interesserte frå næringslivet i alle fire kommunane. Der har prosjektleiar Erik Berglihn fått mange innspel til å bruke i arbeidet og i løpet av sommaren skal første fase i arbeidet vere ferdig.

Prosjektet er forankra i Setesdal Regionråd, kunne ho fortelje. Det skal vere ferdig om eit år eller to, men i grunnen er det aldri ferdig, bærekraftig reiseliv er ein prosess som skal hjelpe regionen til å oppnå mål som er viktige i framtida, og turistar frå kontinentet spør etter eit slikt merke. Det er kvalitet i høve til det folk vil ha når dei dreg på ferie frå store byar og dårleg luft og vatn.

Vi tek det som så sjølvsagt at vi skal ha god plass i naturen, reint vatn og frisk luft. Arbeidet med dette merket for bærekraftig reiseliv er det nokre kommunar som har kome i gang med, mellom anna Trysil, der Anne Dorte no bur. Ho leia prosessen der og, i tillegg har Røros, Vega og Lærdal teke merket. Men Setesdal er første regionen som arbeider med dette, der fire kommunar er involverte.

Miljøfyrtårn er eit merke som mange bedrifter skaffar seg, det er særleg mindre bedrifter som dette merket høver for. Det er eit signal om at bedriften arbeider på ein bærekraftig måte og har orden når det gjeld søppel og forbruk. På same måten kan regionen få eit merke for bærekraftig reiseliv for å syne at ein er medviten på dette området.

Eg ønskjer Anne Dorte Carlson og dei andre som står i spissen for arbeidet lukke til med prosess og resultat.

Setesdalswiki har artikkel om Anne Dorte Carlson: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Anne_Dorte_Carlson