Flaggdag

Share

Ein tur gjennom Setesdal i dag syner at dagen er ein flaggdag. 8. mai er frigjeringsdagen og det er mange som heiser flagg denne dagen. Sjølvsagt ser vi flagg på offentlege bygg, men svært mange private flaggstenger hadde og fått opp flagg i dag.

Det er flott å sjå vaiande flagg i landskapet, ikkje bare vimplar og reklamebanner, som ein ser så mykje av elles. Her i landet er vi ikkje så medvitne om flagget som dei er i USA, der dei vel helsar flagget på skulane dagleg og der det heng flagg i alle klasserom. Dei har skjøna at det er viktig med eit slikt samlande symbol i eit samfunn som er svært samansett.

Her i landet har vi hatt eit homogent samfunn, dermed har vi kanskje ikkje hatt trong for eit slikt samlande symbol. Men kan hende kunne det vere ein ide å ta det i bruk no når også det norske samfunnet er blitt meir heterogent. Slik kunne ein symbolisere norske verdiar og markere det som er viktig her i landet.

Med mange grupper frå ulike land buande innanfor våre grenser, kunne vi trenge eit samlande symbol. For det norske samfunnet er ulikt andre land i verda, og det treng vi å minne kvarandre på. No skal vi feire at Grunnlova er 200 år, det gjer vi til og med ved å omsette henne til moderne nynorsk og ikkje bare ha den på dansk kansellispråk. Kanskje skulle vi og heise flagget oftare og slik markere einskap, ikkje bare ved sportsarrangement, men i det daglege. Eg trur ikkje vi hadde tapt på det.