Bærekraftig reiseliv

Share

I dag hadde eg høve til å delta på møtet som Setesdal Regionråd hadde på Evje om bærekraftig reiseliv. Anne Dorte Carlson frå Trysil var inspirerande foredragshaldar, men det var for få som hadde møtt fram for å høyre henne. I tillegg til at ho gav oss ei innføring i kva det betyr, leia ho ein prosess der vi fekk seie noko om kva vi meinte om situasjonen i Setesdal og kva som var styrke, svakhet, mulighet og truslar for å realsiere dette.

Eg kom på ei gruppe med to nederlendarar som driv i reiselivsnæringa i Evje og Hornnes kommune. Det var litt interessant å høyre dei snakke frå sin synsstad om Setesdal sitt tilbod innan reiseliv. Dei snakka varmt om natur og rein luft og reint vatn, men og om kor skjemmmande det er med gamle bilvrak og anna søppel som ligg og flyt i naturen og at det ikkje er søppelboksar der bilistar kan finne på å stoppe. Slik det er no, er det nokre få flotte rasteplassar, men temmeleg mange stader der ein kan tøme søppel utanom rasteplassane. Og nordmenn tømer søppel i naturen i langt større grad enn ein gjer elles i Europa.

I løpet av dagen kom det og fram at vi burde fått ei endring på namnet på verneområdet i Setesdal Vesthei. Verneområde er ikkje særleg gjestevennleg ord, nasjonalpark er eit mykje betre ord i reiselivssamanheng. Truleg er det ikkje så stor skilnad i reglar heller. Du kan lese meir om det i artikkelen områdevern på Wikipedia: https://no.wikipedia.org/wiki/Omr%C3%A5devern

Alt i alt var det nokre timar der eg lærte ein del om viktige føresetnader for å få til eit bærekraftig reiseliv. Du kan lese litt meir om emnet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Merket_for_b%C3%A6rekraftig_reiseliv