Har Vinje vore i Valle?

Share

Aasmund Olavsson Vinje var fødd i 1818 i Vinje og døydde i 1870. Han budde vel det meste av tida si i hovudstaden. Men etter å ha gått på Asker seminar og fått for gode resultat til å få dei første lærarpostane han søkte, fekk han fra 1. mars 1844 lærarstilling i Mandal. Han vart verande til sommaren 1847, då vart ha overflødig og reiste til hovudstaden for å friste lukka der.

Vinteren 1847 løyste han handelsbrev i Kristiansand for å drive handel med tømmer frå Åseral. Det vart aldri noko av.

Dei kjeldene eg har lese, seier ikkje noko om at han har vore i Valle eller Setesdal nokon gong. I dag var eg på biblioteket i Mandal, dei hadde salg på gamle bøker, og der var det ei 20 år gamal essaysamling om Vinje som eg fekk for 10 kroner. Eg bladde ein del i den, men fann heller ikkje der noko om at han hadde vore i Setesdal.

Men eg lurer på det likevel. Vi veit at Ivar Aasen var i Valle då Valle kyrkje vart vigsla hausten 1844. Då var Vinje i Mandal.

Andre kjende forfattarar som har vore i Setesdal er til dømes Arne Garborg, han skildrar korleis han gjekk over heia frå Sirdal og kom ned til Ose. Og vi veit at mange kunstmålarar var i Setesdal.

Slikt sit eg og lurar på denne maikvelden. Om du har informasjon om dette, hadde eg vore takksam for ein kommentar.