Fagert er landet

Share

I år var det som vanleg fyldig oversyn over programmet for 17. mai i Setesdølen. Om ein gjekk inn på dei kommunale heimesidene, var det til dels endå fyldigare, for Valle sitt vedkomande stod det til og med kva for songar ein skulle syngje.

Både på Valle Bygdeheim og i kultursenteret var «Fagert er landet» ein av songane. Wikipedia fortel at salma, som er skriven av Anders Hovden mens Hovden var sokneprest i Krødsherad i Buskerud, skal ha blitt skriven den etter ein skitur i strålande ver. Teksten stod på trykk første gong i 1907. Opprinneleg hadde Hovden skrive salma med tanke på melodien Kirken den er et gammelt hus, men vi syng den helst med ein gammal melodi etter den tyske salmediktaren Melchior Vulpius frå 1609.

I 1911 sende Hovden salma til Gustav Jensen, i håp om at den skulle komme med i den nye salmeboka han arbeidde med. Gustav Jensen tok han likevel ikkje med i sitt framlegg i 1915, men i Landstads reviderte salmebok kom den med, med fem vers, som i Nynorsk salmebok og Norsk Salmebok.

Salma vart høgdepunktet i mi opplevinga av årets 17. mai-feiring i ei framføring som Helene Bøksle hadde på TV2. Ho song den med så mykje kjensle at ein vart sitjande og fundere på innhaldet. Eg trur ho song alle fem versa. Eg tek med eitt, med tankar som ein ikkje så ofte høyrer elles i året:

Signa då Gud vårt folk og land.
Signa vårt strev og vår møda.
Signa kvar ærlig arbeidshand,
signa vår aker med grøde.
Gud utan deg den vesle urt,
veiknar og visnar, bleiknar burt.
Ver du oss ljoset og livet.