Bjoren på fjorden

Share

Fredag kunne vi lese i Setesdølen at Bjoren ikkje kom på fjorden på grunn av låg vasstand. Men i dag hadde avisa ein artikkel om at no var båten likevel på vatnet og at alt hadde gått bra. Det førte til at eg tok ein telefon til kaptein Sven Robert Kleppe. Han bur i Kristiansand og har tidlegare sigla på dei store hav, på tankbåtar og stykkgodsbåtar, men dei siste fem åra har han vore skipper på Bjoren. 

Han kunne fortelje at alt torsdag og fredag skal dei gå med cruisepassasjerar. Då tek dei 55 passasjerar, to bussar kjem frå cruisebåtane, den eine gruppa blir med på tur nord medan den andre får ein rundtur på museet og glashytta. Så byter dei når båten kjem til Bygland. Det er ein populær tur, i år skal dei gå 17 dagar med dette opplegget. I tillegg kjem dei faste turane på sundagane, dei startar fyrstkomande sundag klokka 12 frå Bygland. 

Inkludert i bilettprisen er kaffe, så kan ein kjøpe anna drikke. Men mat må ein ha med i boks eller pakke. Og bilettane kostar 200 kroner for vaksne og halv pris for barn, 500 for ein familie. Turen går til Fånefjell og tilbake, det er ikkje råd å gå nordover no på grunn av slusene. Kleppe fortalde at dei er tre mann ombord Alf Risdal er matros og Jan Hermansen er maskinist, men det er mange som byter på maskinistjobben. Dei er tre som byter på å vere kaptein, Stein Roger Torsen og Sven Svensen er og med i turnusen som skipper.

Då er det bare å kontakte Glashytta for å bestille plass for ein tur med Bjoren på fjorden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *