Dårleg mikrofon

Share

Etter den store påskesendinga har det vore problem med teknikaren sitt headset. Det er ikkje så farleg på onsdagane, for då er det teknikar ute og programleiar inne i studio. Men på tysdagane når eg ikkje har teknikar, då kunne det mest vere grunn til å avlyse heile sendinga. Og i kveld var Siri Johannessen ikkje med meg, så eg måtte vere aleine.

Det er jo litt tullete å sitje ute på teknikarplassen og setje spakane i modus for å snakke i studio, og så måtte gå frå plassen og inn i studio og seie det ein skal seie, og så gå ut att for å trekke ned spakane og spele musikk eller eit opptak eller det ein elles skal ha på lufta. I kveld skulle eg ha sangtime, den måtte gå utan kommentarar eller introduksjon, for mikrofonen virka ikkje.

Det er lite tilfredsstillande å lage radio når teknikken ikkje fungerer. Då kan ein like godt late det vere. Heldigvis kom Kåre Rike meg til hjelp då eg skulle ha programmet om Grunnloven 200 år, der Johanne Cecilie Fiane Hortemo skulle vere gjest i kveld. Han hadde høyrt at eg hadde problem og ringa meg for å minne meg på at det var ein knapp som kanskje ikkje var nedtrykt. Men det var den, så han kom ein tur innom for å sjå, og då var han teknikar medan eg snakka med henne. Det er eg svært takksam for.

Til vanleg pleier eg og Niklos ha ein dialog om orgelmusikken han spelar, men i kveld måtte han klare seg utan den dialogen, noko han gjorde godt, men likevel skulle eg ønske at dette vart fiksa til neste tysdag, elles må eg kan hende avlyse heile sendinga, for utan å kunne snakke frå teknikarplassen er det for tungvint å ha sending aleine.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *