Det er mykje eg ikkje forstår

Share

Etter Setesdalskonferansen 2014 tok eg mot til meg og oppretta ei side på Facebook for Setesdalswiki. Der legg eg ut lenker til nokre av artiklane som kjem på Setesdalswiki, og det er interessant å sjå korleis innlegga der blir sett av andre. Ståle Lindblad som var på konferansen og fortalde om Facebook, sa at det var mykje statistikk ein kunne sjå der, og det er sant. Men det er ikkje lett å skjøne den.

Mellom anna har dei noko som dei kallar rekkevidde, og i kveld har to artiklar eg har laga i dag, fått svært mykje større rekkevidde enn noko eg har laga før. Det er jo hyggeleg, men eg forstår det ikkje. Artikkelen om Joker Bygland http://www.setesdalswiki.no/wiki/Joker_Bygland er i følge statistikken på sida vist 25 gonger når dette vert skrive. Men på Facebook har 220 sett det lille innlegget eg laga der om at eg hadde oppretta artikkelen. Eg laga og ein artikkel om Tor Espen Helle, som skal vere med i Jakten på kjærligheten på TV2. Når eg skriv dette, har 16 personar sett den på Setesdalswiki, men på Facebook har 162 sett lenka til artikkelen.

Sjølv om eg ikkje forstår så mykje, er eg glad for at folk har sett artiklar eg har skrive på Setesdalswiki i dag. Det er jo heilt naturleg at ikkje alle artiklane får like mange lesarar, dagleg har Setesdalswiki mellom 250 og 300 besøk. Det tyder på at folk finn noko som er verd å lese når dei googlar.

Eg hadde jo likt at artiklane vart delte på Facebook når nokon fann noko av interesse eller nytte, slik at andre kunne få del i same informasjonen, men til no er det helst meg som deler frå Setesdalswiki, det er jo ikkje så unaturleg, det heller. Det er jo eg som skriv det meste. No har vi halde på i vel fem år, nettstaden starta i slutten av april 2009, og eg forstår i grunnen heller ikkje at det sit så langt inne for folk å skrive på Setesdalswiki, det er jo bare å registrere eit namn å skrive under, og så setje i gang. Men, som eg seier i overskrifta: Det er mykje eg ikkje forstår. Det får eg leve med. Og håpe at eg vil forstå meir etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *