Ei gravferd å minnast

Share

I dag var eg på Ålgård i gravferd. Difor var det inga sending i Valle Radio i kveld. Og det er grunnen til at eg skriv litt om gravferda her på bloggen. Ho gav grunn for nokre refleksjonar eg vil dele med dykk som les bloggen.

Då vi var samla for å planlegge gravferda, snakka vil litt om av vi innanfor ramma som kyrkja har, kunne ha fleire musikalske innslag. Ofte fører slike tankar til at ein leier ein solist til å syngje, men i dette høvet ville vi nytte eigne krefter. Og slik vart det, takka vere mors 16 barnebarn, som alle var med.

Då me var små, kjøpte foreldra våre eit trøorgel. Eg og søster mi, som er to år yngre enn meg, skulle lære å spele. Far var kyrkjetenar, så han ordna timar for oss hos organist Øvestad, kan ein tenkje seg noko betre samanheng mellom namn og yrke enn det? Etter at vi hadde halde på ei stund, var noteheftet Ved orgelet 1 ei viktig samling stykke som vi øvde på, og i dag kom nokre stykke frå dette heftet som førespel til gravferda. For oss var assosiasjonane klare, dei var kanskje ikkje like tydelege for alle som var i kyrkja, men Våren av Grieg, Träumerei av Schumann og Largo av Händel er stykke som mange har høyrt mange gonger i gravferder. Når preluderinga også inneheldt Jeg er en seiler på livets hav, Den indre Sjømannsmisjon sin fanesang, og mor var aktiv i ei forening for denne organisasjonen, var tone slått an for ei gravferd der musikken kunne tale til mange.

To av barnebarna innleidde så med improvisasjon over salma Med Jesus vil eg fara, ei salme som mor og far nytta i bryllupet og som avslutta fars gravferd i 2005. Dermed var hendingar i eit langt tidsspenn knytta saman med musikken. Sidan kom fleire andre av songane og melodiane som kjenneteikna ei kvinne som var glad i kyrkja og bedehuset sin sangskatt. Det vil føre for langt å nemne alle, men tonane syng i hugen min medan eg skriv dette.

Difor var det naturleg å avslutte med Blix-salma No soli bakom blåe fjell, kveldssalma som ofte var brukt i husandakt heime. Den sette eit fint punktum for ein minnerik dag der musikken kan hende for fleire enn meg var med på å understreke sider ved liv og teneste i den tida mor fekk leve, ho var vel 96 år, og heilt til det siste var kristen sang ein viktig inspirasjon for livet hennar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *