Ein epoke er over

Share

I kveld føler eg det som om ein epoke er over. Grunnen til at eg måtte avlyse tysdagssendinga i Valle Radio i dag, var at vi i dag tidleg reiste frå Mandal til Stavanger for å ta farvel med mor. Ho kom på sjukehus laurdag kveld, og då skjøna vi at det nok ikkje var så lenge att. Men i løpet av helga vart ho betre etter eit kraftig hjarteinfarkt, og dermed reiste eg til Valle sundagskvelden. Legane sette henne på ei viss behandling, sjølv om ho var over 96 år. På veg til Valle sundagskvelden fekk eg melding om at det nok ikkje var så lyst som eg hadde trudd, men eg venta til måndag middag før eg reiste heim att til Mandal med plan om å dra til Stavanger tysdag morgon.

Men då vi var på veg mot Stavanger, kom det melding om at familien burde kome til sjukehuset snarast råd om vi hadde høve til det. Halv eitt kom vi så dit, då sat ein sjukepleiar og heldt mor i handa, og det var tydeleg at det var alvorleg. Men vi sa til henne at vi var komne og tok over plassen ved sjukesenga saman med søster mi, Solvor. Så sat vi der, mor streva med pusten, men vi fekk nokre ord saman. Bror min, Hermund, kom og dit, medan to andre søsken, som hadde vore hos henne måndag, ikkje kunne kome. Etter kvart fekk ho fleire pustestopp, og klokka kvart på to slutta ho heilt å puste. Eit langt liv var over, no er eg den eldste i familien vår.

Mor fekk bu heime heilt til slutt. Ho fekk noko hjelp frå heimesjukepleie den siste tida, men ho ville helst bu heime, og slik vart det. Heimen hennar på Ålgård var samlingsstaden vår, no står han tom.

Etter at ho var død, var det naturleg for alle oss fem søsken med ektefellar å møtast saman i stova heime og snakke om det som kjem. Det vart ein lang og god samtale der vi planla gravferda saman med representanten frå gravferdsbyrået. Då kom mange minner fram, gode minner som vi kunne dele saman midt i sorga. Vi formulerte dødsannonse og tok til å planlegge sjølve seremonien i kyrkja. Då far døydde i 2005, hadde vi solistar til å vere med utanom familien, denne gongen vil vi prøve å få nokon av mors etterkomarar til å vere med og prege gravferda. Vi fann fram sangar ho hadde vore glad i og kom etter kvart fram til dei som vi skulle bruke i gravferda.

Det er mange ting å hugse på i ein slik situasjon, men etter kvart trur eg vi kom i mål med det som det var råd å gjere ferdig denne første dagen. Så går det ei veke, og neste tysdag, 20. mai, er det gravferd. Dermed vert det ikkje sending i Valle Radio neste tysdag heller.

Mor var ei bønekvinne. Kvar kveld ba ho for barn, svigerbarn, barnebarn med ektefeller og oldebarn. Ho nemnde oss ved namn, og ho hadde fleire andre og som ho hugsa på der i Kyrkjeveien på Ålgård. Men no er ein epoke over. Vi lyser fred over minnet om Gurina Haugland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *