Ein hyggeleg samtale

Share

Av og til får eg spørsmål om eg aldri går tom for noko å skrive om. Eg ville lyge om eg svarte nei, for av og til er eg ganske tom når eg set meg ved tastaturet. Men plutseleg dukkar det opp nokre tankar, og så er eg i full gang. Denne gongen vil eg fortelje om ein hyggeleg samtale.

Måndag middag kom eg innom i leiligheten i Leite, eg skulle reise til Mandal for så å dra vidare til Ålgård tysdag. Til vanleg har eg huset eg bur i for meg sjølv, men denne dagen var det folk i etasjen over meg. Då eg hadde parkert og kom ut av bilen, stod Hildeborg Lund og Karen Lund Aamlid saman med mannen til Karen på verandaen og helste på meg. Dermed tok eg turen opp til dei og fortalde at denne gongen vart det bare ein dag i Valle og at eg var på veg til Ålgård for å besøke mor.

I samtalens løp fekk eg mange opplysningar, mellom anna at Hildeborg hadde gått på Bryne landsgymnas, der ho tok til i 1966. Eg rekna då ut at ho truleg gjekk der på same tid som søster mi, og spurde henne om ho tilfeldigvis hadde støytt på Jorunn, men det kunne ho ikkje hugse, dei hadde nok ikkje vore i same klasse.

Dei fortalde at dei laurdag hadde hatt dugnad i hagen, det visste eg dei skulle ha, og eg hadde spurt om dei kanskje kunne skjere litt av ein busk i innkøyringa eg nyttar. No var heile busken borte, og eg var glad til. Eg gleder meg og over at det ser ut som om dei mange nedhogne grantrea som ligg i lia nedanfor huset no vert køyrde bort for å nyttast til flis. Det må jo vere betre enn å la dei ligge og råtne i lia. At dei kom ned, har jo gitt ei heilt anna utsikt frå veranda og kjellaren der eg bur.

Vi gledde oss over den, alle saman, før eg takka for praten og gjekk ned for å pakke og dra nedover dalen. Dei tok seg ein kaffekopp før dei heldt fram med vårreingjering inne, det var greitt å nytte tida ettersom dei skulle vere i gravferda etter May Irene Aamlid tysdagen.

Eg var takksam for den trivelege samtalen då eg starta frå Valle eit kvarter seinare.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *