Innovasjon og næringsutvikling i Aust-Agder

Share

Dette var tittelen på ein annonse i Setesdølen tysdag, og då eg tok kontakt med assisterande fylkesrådmann John G. Bergh, som er dagleg leiar for Aust-Agder utviklings- og kompetansefond, ville han gjerne vere med på telefonen i sendinga i Valle Radio for å fortelje om utlysinga av prosjektmidlar.

Ein av grunnane til at eg likar å arbeide med radio, er at eg lærer noko når eg held på. Eg hadde ikkje høyrt særleg mykje om dette fondet, men John G. Bergh fortalde at det var oppretta 8. september 2003 for pengar kommunane fekk då dei selde aksjar i Agder Energi. Alle kommunane i fylket er medeigarar, men Arendal og Grimstad eig mest. No har fondet ein grunnkapital på 244 millionar kroner, men under finanskrisa kunne dei ikkje dele ut pengar av avkastninga, til det var avkastinga for lita.

I alt har dei delt ut 60 millionar kroner på dei ti åra dei har hatt høve til å dele ut pengar. Det meste har gått til prosjekt relatert til å få i gang universitet på Agder, men når det no er i boks, har styret vedteke å dele ut inntil 10 millionar kroner relatert til innovasjon og næringsutvikling i fylket. 6 millionar er disponert til prosjekt som har fått støtte tidlegare, 4 kan brukast til nye prosjekt.

I samtalen fekk vi vite at Evjeklinikken har fått pengar frå dette fondet, det same har Setesdal Regionråd, men elles er det ikkje så mange døme på at bedrifter i Setesdal har fått pengar frå fondet gjennom dei ti åra det har delt ut pengar. Det kan ein imidlertid rette på, og Bergh vona at det kom søknader frå Setesdal denne gongen. Om folk ikkje heilt visste korleis dei skulle gå fram, kunne dei finne fleire opplysningar på http://www.aaukf.no. Dei kunne og ta kontakt med han eller rådgjevar Tine Mette Falck på telefon, så ville dei gje rettleiing og svare på spørsmål.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *