Liv i gamle fingrar

Share

I dag tok vi ein tur til Ålgård. Mor er snart 97 år gamal, ho bur åleine i huset der eg vaks opp. I stova står det no eit piano der trøorgelet stod i mine barneår. Eg lærte å spele på det, sidan har spelet vore ei glede for meg i mange år. Men no stivnar fingrane, det er ikkje så ofte eg spelar. På Valle Vaksenopplæring har vi eit godt piano og min kollega Øystein Berg tryllar dei vakraste tonar ut av det, utan noter, medan eg må ha noter og spelar i orgelmodus. Ein av elevane våre, Tracy frå Burma, spelar etter noter i pianomodus, det er ei anna oppleving, så eg nyt å høyre og av og til å syngje til.

Men i dag då eg var på Ålgård, spurde eg mor om det var nokon som nytta pianoet. -Nei, svara ho, det er ikkje ofte nokon spelar på det no.

Så sette eg meg bort til pianoet og fann fram den gamle Melodiboken og leita fram nokre av dei songane som var nytta på bedehuset i min ungdom og prøvde meg fram, eg tenkte at eg hadde nok gløymt det meste. Men etter kvart dukka det opp litt orden i gamle noter og dei gamle fingrane fekk liv. Ikkje sprudlande, det har dei aldri vore, men likevel så pass at eg kjende att nokre av songane: Send bud på Ham, Er Gud for meg, så trede, Eg kan ikkje rekna dei alle. Fleire andre kom og fram frå Melodiboken og vekte minne frå mange år tilbake.

-Har du piano, Harald? spurde mor. -Nei, svara eg. -Vi har eit elektronisk orgel, men det er ikkje ofte han brukar det, sa Reidun.

Nei, det er ikkje ofte eg set meg til klaviaturet og lagar tonar sjølv. Det meste finst jo hermetisk, og om ein ikkje øver, så går gamle kunstar i gløymeboka. På turen frå Mandal til Ålgård høyrde vi Gunnar Idenstam spele Dubois sitt virtuose orgelstykke i Ring inn musikken. Den som kunne spelt noko slikt, tenkte eg.

Men eg får halde meg på mitt nivå, og så heller spele litt hermetisk musikk i Postludium. Til tysdag kan du høyre musikk av den norske komponisten Leif Solberg, han fyller 100 år i år. Niklos presenterer, eg skal høyre på saman med han. OM du vil høyre på, må du setje på Valle Radio klokka 20.30

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *