Meir om bærekraftig reiseliv

Share

Måndag 12. mai skreiv eg om dette: http://valleradio.blogs.no/2014/05/12/baerekraftig-reiseliv-18431136/

I Haralds time i går hadde eg ein prat med Anne Dorte Carlson, som er rettleiar i prosessen for at Setesdal skal kunne ta merket for bærekraftig reiseliv. Ho har hatt møte med interesserte frå næringslivet i alle fire kommunane. Der har prosjektleiar Erik Berglihn fått mange innspel til å bruke i arbeidet og i løpet av sommaren skal første fase i arbeidet vere ferdig.

Prosjektet er forankra i Setesdal Regionråd, kunne ho fortelje. Det skal vere ferdig om eit år eller to, men i grunnen er det aldri ferdig, bærekraftig reiseliv er ein prosess som skal hjelpe regionen til å oppnå mål som er viktige i framtida, og turistar frå kontinentet spør etter eit slikt merke. Det er kvalitet i høve til det folk vil ha når dei dreg på ferie frå store byar og dårleg luft og vatn.

Vi tek det som så sjølvsagt at vi skal ha god plass i naturen, reint vatn og frisk luft. Arbeidet med dette merket for bærekraftig reiseliv er det nokre kommunar som har kome i gang med, mellom anna Trysil, der Anne Dorte no bur. Ho leia prosessen der og, i tillegg har Røros, Vega og Lærdal teke merket. Men Setesdal er første regionen som arbeider med dette, der fire kommunar er involverte.

Miljøfyrtårn er eit merke som mange bedrifter skaffar seg, det er særleg mindre bedrifter som dette merket høver for. Det er eit signal om at bedriften arbeider på ein bærekraftig måte og har orden når det gjeld søppel og forbruk. På same måten kan regionen få eit merke for bærekraftig reiseliv for å syne at ein er medviten på dette området.

Eg ønskjer Anne Dorte Carlson og dei andre som står i spissen for arbeidet lukke til med prosess og resultat.

Setesdalswiki har artikkel om Anne Dorte Carlson: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Anne_Dorte_Carlson

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *