Om temamøte og kommuneplan

Share

I kveld var Frode Buen i Valle Radio i Kommunen informerer. Det var tredje gongen i vår, han hadde trudd han var ferdig for sesongen, men så fekk han melding frå meg om at han stod på lista no igjen, og det var han glad for, elles hadde han ikkje kome.

I tillegg til å fortelje at det er råd for etternølarar å søkje plass i kulturskulen fram til fredag, det gjeld plassar frå hausten, så fortalde han om eit temamøte som skal vere i kommunestyresalen i Valle måndag:

Folkemøte om bustad- og sentrumsutvikling
Inspirasjonsforedraget på dette møtet er ved landskapsarkitekt Espen Evensen Reinfjord, Asplan Viak, og prosjektleiar for stadutvikling Aust-Agder fylkeskommune, Kari Huvestad.

Arrangør: Valle kommune
Stad: Kommunstyresalen
Tid: måndag 26. mai 18:00

Det var eit tilsvarande møte på Rysstad 7. mai. Det handla om næring, og då kom det 34 personar. Den viktigaste saka dei tok opp, var spørsmålet om veg vestover. Ein heilårsveg vestover vil gje mange fordeler for næringslivet i Setesdal. Frode fortalde at vegen var kalkulert til om lag 400 millionar på 1990-talet, i dag vil han nok koste ein milliard når ein skal til å lage tunnellar gjennom fjellet for ikkje å kome i konflikt med reinsdyrtrekka.

Frode vona at mange kom på møtet komande måndag og då kunne seie si meining om temaet. Dette skal bli ein del av samfunnsdelen av kommuneplanen dei no arbeider med. 3. pinsedag blir det så eit nytt møte, denne gongen om geografi, og det er juridisk bindande, det er då ein seier kva ein vil nytte arealet i kommunen til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *