Program for veke 18, 2014

Share

I dagens Setesdølen står det i ein annonse at Valle Radio har ansvar for sendinga over Radio Evje sine sendarar i kveld. Det var ikkje program frå Valle Radio i avisa, og Britta Lise har ikkje hatt oppdatering på Facebooksida til radioen heller i dag. I oversynet som eg lagar etter at Ørnulf har sendt rundt oppsettet, det ligg her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2014 står det heller ikkje noko om at det skal vere sending i kveld. Det betyr at det ikkje var sett opp teknikar eller telefonvakter, og då lurer eg på om det har skjedd ein glipp.

Sendingane denne veka i Øvre Setesdal har vore to kommunestyre:

Tysdag 29. april
18.00 Møte i Bykle kommunestyre

Onsdag 30. april
Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Møte i Valle kommunestyre

Ettersom tysdagssendinga kolliderte med møte i Bykle kommunestyre, var det naturleg for meg å vike plassen med tysdagssendinga. Onsdagssendinga var planlagd å vere frå Valle kommunestyre. Men vi kjem sterkare att neste veke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *