Roleg sundag

Share

Etter gårsdagens tur til Ålgård tok vi det roleg i dag. Det høvde i grunnen godt, for frå klokka 15 var det finale i VM i snooker på Eurosport. To sesjonar med åtte frames i den første og ni i den andre gjorde at vi i grunnen bare fekk i oss litt mat mellom øktene.

Likevel rakk eg å lage nokre artiklar på Setesdalswiki. To av dei var relatert til hendingar på Evje i dag, artiklane om Inge Røysland, som talte på Elim i kveld og Konsmokameratene, som song på Evje bedehus i kveld. I tillegg fekk eg skrive ein artikkel om Olav J. Tveit. Den har eg hatt på kladd nokre dagar, men no kom han inn i leksikonet. Ingen av artiklane var store, men dei gir litt meir opplysningar enn ein avisannonse, så om du ser desse namna i Setesdølen, kan du slå opp på Setesdalswiki og finne meir stoff der.

Etter kvart har eg kome til at Setesdalswiki kan fungere fint også med artiklar om folk som kanskje bare er innom regionen på besøk av ein eller annan grunn. Om dei ikkje har artiklar på Wikipedia eller andre stader, kan det fungere å skrive litt om dei dersom eg kan finne så pass stoff at det blir høveleg lengde på artiklane. Men eg skulle gjerne hatt meir hjelp til å skaffe informasjon og til å skrive, så om du les dette og har høve til å hjelpe, vil eg vere takksam.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *