Sabel og Stakk

Share

16. mai opnar årets hovudutstilling på Setesdalsmuseet. Den heiter Sabel og Stakk, det er ei stor utstilling og i dag kom det ei rekke gjenstander frå Oslo for å komplettere den lokale samlinga. I går var museumspedagog Johanne Cecilie Fiane Hortemo i studio for å fortelje litt om utstillinga.

Ho kunne fortelje at eit hovudelement i utstillinga er ei draktutstilling frå tida rundt 1814. Den er det Randi Myrum som har ansvaret for. Men museet har og fått lånt inn ei rosemåla kiste frå Gunnar Attestog og ein bolle som Eivind Torkildsen Lande har måla. Han var ein dyktig rosemålar, og det er jo ganske spesielt at noko av det han laga framleis er teke vare på lokalt.

Etter Olav Knutsson Tveiten har utstillinga mellom anna ein signetring. Johanne trudde ikkje det var den han brukte på Eidsvoll, men heller ein han brukte som lensmann.

Leonhard Jansen har laga den skriftlege teksten til utstillinga, som har mykje informasjon i høve grunnlovsjubileet at Grunnloven er 200 år. No kom det nettopp ei ny omsetting av grunnloven til moderne nynorsk. Eg veit ikkje om den rekk å kome med på utstillinga, men det hadde jo vore noko å ha med ved sidan av den arkaiske forma som hang i alle klasserom då eg var ung.

Eg må nok ta turen til Bjugsbakk 16. mai klokka 14. Då opnar stortingsrepresentant Svein Harberg utstillinga.

Johanne, som er arkeolog av utdanning, fortalde at ho hadde lært svært mykje i arbeidet med utstillinga. Om ein tek seg tid til å sjå litt på alt som utstillinga syner, kan ein få eit godt innblikk i situasjonen i Norge då Grunnloven vart laga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *