Jubileumsfest med særpreg 2

Share

Medan eg i går skreiv mest om det som gjekk føre seg i kyrkja, skal dette innlegget på bloggen handle mest om det som gjekk føre seg etter gudstenesta. Teksten i gudstenesta handla om det store gjestebodet, og det var i grunnen ein høveleg tekst. Rett nok handla den om at ingen av dei inviterte fann det bryet verd å kome, så folka måtte ut på gatene og invitere. Slik var det ikkje på Rysstad, dei fleste av dei inviterte, det vil seie kyrkjelyden som var i kyrkja klokka 11, vart med til Soknehuset for å få med seg resten av gjestebodet.

Hylestad bygdekvinnelag stod for suppe og eplekake og lefse, eg trur nok at rundstykka var det som fekk minst avsetnad til suppa. For det er noko eige med Setesdalssuppe med lefse og eplekake, det er tradisjonsrik sundagsmiddag, kven veit om ikkje presten Dahl også åt det for 175 år sidan den 30. juni, då kyrkja vart vigsla.

Praten gjekk i alle fall livleg rundt bordet, og måltidet måtte helst avbrytast for at festprogrammet i andre høgda skulle kunne starte nokonlunde i tide. Då hadde vi og fått forsyne oss av eit overdådig kakebord, og kjøkengjengen hadde fått ei korg med sjokolade dei kunne kose seg med til kaffien på møta sine framover.

Festprogrammet starta med munnharpeslått av Sigurd Brokke før Jon Ola Rysstad hadde eit innleiande blikk på kyrkja frå ein som ikkje er så flittig ein kyrkjegjengar, det var heilt klart eit innlegg til ettertanke å ta med seg. Så kom bidrag slag i slag, med helsing frå ordførar Tarald Myrum, prost emeritus Ole Gunnar Sæbø, prost Gunnar Ellingsen helsa frå biskopen, det var skriftlege helsingar frå Ragnhild Bjelland, Kåre Svebak og Leif Raustøl, borne fram av Astrid Nomeland, Gunveig Kårvann og Sissa Ringstad. Astrid er soknerådsleiar. Ho leia programmet og hadde sjølv ei helsing frå soknerådet, sjølv hadde eg ei helsing, som eg kanskje kjem tilbake til. Birgit Dale helsa og takka og sokneprest Terje Seilskjær oppsummerte det heile og lyste velsigninga over festlyden. Innimellom alt dette var det musikk av dei same som hadde vore med i kyrkja, pluss eit ungdommeleg innslag av Tiril Brokke og Liv Tone Åmlid Heia. Når så alle som hadde vore i elden vart takka med rose, og komiteen som gjennom vinteren hadde arbeidd med å få til programmet fekk eit eksemplar av den nye salmeboka som takk for jobben, kan ein jo skjøne at dette tok litt tid. Komiteen hadde tenkt halvannan time, men enden på visa vart at festlyden var med ein time ekstra, så det vart ein lang festdag for dei som var med på alt.

Men det var ein fest. Kyrkja i vegkanten på Rysstad fekk mange gode ord, kyrkjelyden fekk ei påminning om verdien av å ha eit kyrkjebygg midt i bygda.

Jubileumsfest med særpreg

Share

Så er festdagen for å markere 175-årsjubileet for Hylestad kyrkje over. Sjølv var eg ikkje til Bjørgum for å markere sambandet mellom noverande kyrkje og gamlekyrkja der, men Bjørgulv T. Berg, som sa nokre ord og la ned blomar, sa at det hadde vore overraskande mange til stades.

Då eg kom til kyrkja like over halv elleve, var parkeringsplassen så og seie full, like etter måtte folk pakrere langs riksveg 9 og slik markere sambandet mellom kyrkja og riksvegen, det var jo vegen som førte til at kyrkja vart flytta.

Medan tussane hadde ein finger med i spelet når det gjaldt kvar kyrkja skulle ligge på austsida av elva, var det presten Johan Koren Dahl som nok hadde meir enn ein finger med i spelet då kyrkja vart flytta på vestsida. Han var den første ordføraren i kommunen, formannskapslovene kom i 1837, og med det ei ny tid i bygdene. No skulle folkevalde styre og stelle.

Det første dei styrde med, vart altså Hylestad kyrkje. Gamlekyrkja vart riven i 1838 og nyekyrkja vigsla 30. juni 1839, så jubileet vart feira så nært opp til jubileumsdagen som råd.

Leonhard Jansen heldt to flotte kåseri om kyrkja, fyrst eitt til innleiing i gudstenesta, sidan med bilete på Soknehuset. I kyrkja snakka han om bygningen vi då var i, i Soknehuset meir om samanhangen og om dei flotte Hylestadportalane.

Elles var gudstenesta prega av mykje fin musikk. Kim André Rysstad song fine salmer frå galleriet, Tone Å. Rysstad og Tora Åkre Lund song frå koret med tonefylgje både frå orgelet og frå Anne Helle Hagen på fele. Det var flott å høyre song med noko av dåmen frå tida då det ikkje var orgel i kyrkja.

Fleire av dei som hadde helsingar kom inn på den flotte salmesangen i kyrkja, det var mest som taket lyfta seg. Ordførar Tarald Myrum meinte at songen i Valle kyrkje høyrdest tammare ut, og det vart ei festgudsteneste med flott song frå kyrkjelyden, ikkje minst takka vere trompet frå Anders Ropstad saman med orgelet. Det lyfta songen til høgder ein sjeldan høyrer i kyrkja.

Prost Gunnar Ellingsen tala frå preikestolen, sokneprest Terje Seilskjær hadde liturgi før talen, og så delte dei på etter talen. Under ofringa var det lydarslått etter Andres Hovet, spelt på fele av Daniel Sandén-Warg, som og spelte ein lydarslått sist i kyrkja, før utgangsprosesjonen til strålande musikk av orgel og trompet.

På kyrkjebakken gjekk praten om laust og fast før ferda gjekk til soknehuset. I gudstenesta fall det seg til og med slik at folk frå USA med røter i Brokke og Berg var på besøk, dei vart med til middagen og fekk smake suppe og lefse, servert av Hylestad bygdekvinnelags dugande medlemer. Truleg vart dette ei særmerkt oppleving for langveisfarande oldebarn som dei vil hugse lenge.

Sentrumsfrukost 2014

Share

Endeleg ein sentrumsfrukost der vi fekk høveleg ver. Ikkje så strålande som det har vore nokre veker, men høveleg, i alle fall mellom 10 og 12, då maten vart servert. Sidan kom det nokre skyer, då vart det helst surt i den kalde vinden.

Ordførar Tarald Myrum opna det heile med gode ord til sentrumsforeninga som har stått for arrangementet i 10 år. Sjølv har eg vore på dei tre siste, og det var utan tvil det med best ver. Ordføraren lurte på om det kanskje skuldast at presten no ikkje lenger skal pendle, kona har fått seg lærarjobb i Valle, og då blir begge i bygda, Tarald minna oss om at Theis hadde hatt eit spesielt godt grep om å skaffe lagleg ver.

Så var det nydeleg frukost for ei etter kvart stor forsamling folk. Gratis is og ballongar til barna levert av Valle Sparebank, og folka i sentrumsforeninga fylte på med brød og pålegg så lenge folk ville ha.

Rundt borda gjekk praten livleg, mange møtte kjente som dei ikkje hadde sett på lang tid, eg slo av nokre ord med Rolf Pedersen, han var lærar i Valle og var invitert til å vere med elevar som gjekk ut av skulen for ti år sidan på markering av jubileet. No er han lærar i Kvelde, nabobygda der Ove Berrefjord held til, og sambuaren hans har sunge i samanhengar der Pieter Leebeek har spelt, kunne han fortelje.

Slik gjekk praten mellom folk over kaffi og mat medan sola varma. Då måltidet var over, varma underhaldning frå scenen. Først var det elevar på kulturskulen, så kom Tiril Brokke og song, deretter var det blomar til Gunnar Brottveit, som hadde vore med og drege i gang arrangementet då han enno styrde på Valle Handel. Så kom Vidar Frøysnes og Terje Emblemsvåg på scenen. Med gode soger og fin musikk heldt dei på ein halv time, men kva som hende etterpå, veit eg ikkje, for då takka eg for meg.

I kveld er det brusteinsball, veret er truleg lagleg for det og, men eg ladar opp til kyrkjejubileum i morgon.

Festivalsommar

Share

I dagens Setesdølen var det ein leiar med tittelen Imponerande festivalsommar. I artikkelen vert det omtalt ganske mange arrangement som skal skje i Setesdal i sommar. Her er det tale om vannfestival på Evje og fjellhagens dag i Åseral, det som skal skje på Ose er og nemnt, det same er jordbærfestival og setesdalskappleik.

I konklusjonen skriv avisa så: Poenget er at kulturlivet i dalen er spekka av store opplevingar.

Det vil føre alt for langt å nemne alt som skal skje i Setesdal i sommar, men avisa kunne vel gjerne nemnt at det også på kristenfronten er stor aktivitet, det er bibelcamping både på Evjetun og på KVS, det har vore teltmøter både i Valle og på Evje.

Sjølv om det vanlege arbeidet går i sommarmodus, er det altså mykje som hender i bygdene i dalen. Difor hadde det vore ei flott tid å lage radio, men så var det sommarferien, då. Den er velfortent for alle som lagar radio, så det vil ikkje kome særleg mykje i eteren av all den aktiviteten. Vi vil måtte lese det i Setesdølen, og truleg vil fleire arrangørar sukke og seie at ingen frå avisa var innom vårt arrangement, noko som vel er nokså naturleg, ettersom også bladfykar skal ha sommarferie.

Så vert det meir opplevinga for dei som er på arrangementa enn reportasjar i media. Og det er jo dei arrangementa er for, dei som stiller opp og får med seg det som skjer, anten det er bibeltimar eller kulturkveldar, smaksprøvar eller naturopplevingar.

Så vart det streik for lærarane

Share

Eg likar ikkje streik. Men frå 1. juli er alle organiserte lærarar i Norge i streik, etter det eg skjønar. Ikkje slik at vi streikar i ferien, det er vel bare nokre få i Bergen som må det, men når skulen startar att, vil streiken verte opptrappa.

Eg stemte for å godta oppgjeret, men eg skjønar at eg vart i mindretal, nesten tre av fire sa nei takk til dei rammene som organisasjonen anbefalte. Då trur eg vi kan snakke om tillitskrise både innad og utad.

Så står dei to partane på tv og seier at dei ikkje vil ha noko nytt møte, og sjølv om politikarar seier at KS må ta til vetet, ser det ut til at sommarvarmen har slått inn i hovuda våre, for ingen er interessert i å unngå streik. Kommunane vil spare nokre kroner på at vi ikkje får framforhandla tillegg i løna før konflikten er over. Det kjem sikkert vel med i slunkne kommunekassar. Men ein skulle tru at lærarar som treivst var minst like viktig, og når det no blir mana til kamp over heile landet, blir det neppe trivsel på lærarroma når folk kjem tilbake der i august.

Med dans og stev på Fevik Strand Hotell

Share

Las du om Folkeakademia sitt landsmøte i Setesdølen i dag. Det stod på side tre, og det var bilete av Kim André Rysstad, Gunhild Nybø Hagane og Torleiv Løyland.

I sendinga i Valle Radio sist tysdag hadde eg ein telefonprat med ein av dei som var med i arrangementskomiteen for landsmøtet, Jon Harald Heggland, som er leiar i Arendal folkeakademi. Han fortalde levande om arrangementet og dei som var der. I tillegg til dei tre som det var bilete av i avisa, var Kjetil Carolis Jore og Jan Oddvar Rysstad med.

Det som kanskje imponerte meg mest var at Jan Oddvar ikkje bare spelte munnharpe, men og kvo saman med bror sin. Vi som har hatt nokre år i Valle, hugsar at han var ivrig med kveding som ung gutt, men han har ikkje gjort det offentleg på mange år. Flott at han prøver seg igjen, det talentet bør han ikkje grave ned.

Jon Harald Heggland fortalde om trampeklapp frå deltakarane på landsmøtet, så det var tydeleg at innslaget frå Setesdal gjorde stor lukke.

Folkeakademiet er aktiv i Setesdal, i Valle er det ikkje bare kulturveka om hausten som nyt godt av det. Etter det eg skjønar har Leif Kvinlog vore med i landsstyret og Sissel Åkre er framleis med der, så kulturen i Øvre Setesdal er og inspirasjon på landsbasis.

Kim-André kan du få høyre om du blir med på kyrkjejubileet for Hylestad kyrkje komande helg. Han blir med både i kyrkja og på middagen på soknehuset, det gleder eg meg til.

Jubileum for Hylestad kyrkje

Share

Eit par år før eg kom til Valle feira ein 150-årsjubileum for Hylestad kyrkje. Det fall saman med innsettinga av Theis Salvesen som sokneprest. Han kom frå Ibestad i Troms, eg kom frå Hadsel i Nordland.

Jubileet vart markert med eit jubileumsskrift, det har eg bladd i i dag. Eg har fått vore med i komiteen som har planlagt jubileet, du kunne sjå ein annonse for festen komande sundag i Setesdølen fredag som var.

I planlegginga har komiteen, som har bestått av Siri Melhus, Sissel Åkre, Leonhard Jansen, Åse Holen og meg, etter kvart med hjelp frå Sissa Ringstad, kome til at vi ville markere noko av den rike folkemusikalske tradisjonen i Hylestad. Difor kunne du lese mange kjende namn i annonsen: Kim André Rysstad, Daniel Sandén-Warg, Sigurd Brokke, Anne Helle Hagen, Tone Å. Rysstad og Tora Åkre Lund er vel dei som er mest kjende som folkemusikarar.

Eg trur det vil bli ein fin dag, og det same tenkte soknerådsleiar Astrid Nomeland, som var med meg i Valle Radio tysdag for ei veke sidan. Ho har opplevd at kyrkja har vore ein stad der ho kunne kome både i glede og i sorg, det er ei erfaring ho har med svært mange som soknar til kyrkja. Om alle dei kom på festen sundag, ville det verte trongt om plassen, for mange er det som har vore innom kyrkja dei 175 åra ho har stått på Rysstad.

Sjølv kom eg til Valle i 1991 som avdelingsleiar for kyrkjeseksjonen i kommunen, og Hylestad kyrkje vart sentral i mitt liv. Det same har sikkert prestane i Valle opplevd, sjølv om det var annekskyrkja. Eg har skrive litt om nokre av dei i dag på Setesdalswiki. Nokre var lenge i tenesta, andre var kortare tid. Men det er fascinerande å lese om dei som hadde teneste i kyrkjene i prestegjeldet. Her er lenker til dei som har fått nye artiklar på Setesdalswiki i dag:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Peter_Blom
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Magnus_Falkenberg
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lars_Christian_Arup

Dødsvegen E39

Share

I går var vi på Varhaug. Syster mi, Solvor Rasmussen, er prestekone der, og ho feira 60-årsdag saman med vener og familie på Varhaug misjonshus i går kveld. Det vart ein flott fest med mat prega av at ho og mannen har vore misjonærfolk i Bangladesh. I tillegg er jærbuen glad i kaker, så eit velfylt kakebord var og ein del av opplevinga. I tillegg er familien vår glad i musikk og sang, så saman med talar og lysbilete-kavalkade frå livet, vart det ei flott oppleving.

Medan trafikken var stor då vi ved halv-tretida på ettermiddagen la i veg vestover, var det temmeleg roleg på E39 då vi snudde nasen mot sør ved 0030-tida. Om alt hadde gått som planlagt, kunne vi nyte årets lysaste natt i eiga seng frå om lag klokka 03.

Men slik gjekk det ikkje. Etter ein nydeleg tur sørover opplevde vi blålys bak oss då vi kom til Lenesfjorden, så vi svinga av på rasteplassen nede ved fjorden og let ambulanse og politibilar kome forbi oss. Like før hadde vi sagt til kvarandre at om alt gjekk etter planen, burde vi nå att den trailaren vi såg framom oss og så kunne kjøre forbi den opp Osestadbakkane. Men like etter at det var blitt to felt i vegen, var det bare å stoppe. Politbilar stod der med blinkande blålys, og etter at ein av politifolka hadde vore framme, kom han tilbake og sa at vi måtte snu, det hadde vore dødsulukke i bakken.

Så var det bare å vende nasen mot Lyngdal att. -De må kjøre om Spangereid, sa han. Men eg valde å kjøre om Kvås, så over heia til Konsmo og tilbake til Vigeland. Der stod politiet i rundkjøringa med fyrlykta og stoppa trafikken og sende han via Spangereid. Den omvegen tok ein time via Kvås, men vi møtte knapt nokon bilar over heia, så dei som var på veg vestover, hadde nok høyrt på politiet og lagt vegen på sørsida.

Så i staden for å kome heim mellom klokka halv tre og tre, vart ho halv fire før vi parkerte i Tregdeveien. Etter litt leiting på nettet fann vi meldinga frå politiet på Twitter som sa at vegen vart opna for manuell dirigering ved fire-tida, og først i dag tidleg var vegen rydda og trafikken kunne gå som normalt.

På veg tilbake mot Lyngdal, kom eg til å tenke på alle dei gongene eg høyrer NRK seie at om vi har noko å melde frå trafikken, må vi ringe 800, fem ganger 9. Så eg slo nummeret på telefonen og kom til ein automatisk telefonsvarar som sa at dei ikkje hadde høve til å ta telefonen nå, men eg kunne legge igjen ei melding. Så gjorde eg det, og tenkte kanskje at dei kunne seie til andre trafikantar at dei ikkje trong å prøve å kjøre E39 mellom Lyngdal og Vigeland. Men på radioen var det taust. Heller ikkje klokka tre kom det noko om ulukka i nyhetene. Derimot var det noko om eit leirras i Trøndelag. Først klokka fire kom meldinga om dødsulukka i Lyngdal, då synte det seg vel at leirraset i Trøndelag knapt hadde vore verd å melde om.

Lærdommen min av dette er at NRK trafikkradio ikkje er operativ om natta, knapt nok i helga. Kvifor dei då prentar inn i oss at vi må ringe dei når vi har noko å melde frå trafikken, det veit dei nok bare sjølv.

Og så treng vi ny fire felts E39 får Kristiansand til Stavanger så fort som råd, vi har ikkje råd til å ha fleire dødsulukker på denne vegen. Denne gonge var det ein 22-åring, truleg frå Lindesnes som mista livet, i alle fall var bilen registrert på ein eigar frå den kommunen.

Etter å ha kjørt mykje i mange år, er det første gongen eg har kome så nær ei dødsulukke, vi var truleg bare fem-seks bilar bak ulukkesbilen. Men kvar dødsulukke er ei for mykje.

I dag skreiv avisa Lindesnes om ulukka:
http://www.l-a.no/nyheter/Mann-omkom-i-trafikkulykke-pa-E39-i-natt-182791.html#.U6aqEvl_sZx

Fjellkyrkjetreff i Skafsåheii fjellkyrkje

Share

Eg hadde fått ein mail frå Britta Lise om fjellkyrkjetreff i Skafsåheii fjellkyrkje som eg skulle formidle i sendinga tysdagskvelden i Valle Radio. Men den fall ut or minnet mitt, noko eg er svært lei for. Difor kunngjer eg det her på bloggen og vonar at det når nokon som kan ha glede av det:

FJELLKYRKJETREFF
SKAFSÅHEII FJELLKYRKJE
Sundag 22. juni

Gudsteneste kl. 1100 v/Jarle Bryne
Ofring til Fjellkyrkja.
Matøkt
Vi bevegar oss opp til Hallbjønnsekken Turistsenter der vi får servert lapskaus, kaffi og kaker. Dette kostar kr. 150,-
Etter matøkta
Ein trio frå Kristiansand overtek ansvaret for innhaldet.
Det vert lettare musikk, men også songar av Åge Samuelsen og Lina Sandell. Kort omtale av desse personane mellom songane.
Trioen består av Helge Johannesen på saxofon og klarinett, Arthur Coldal på elektrisk bass og Roald Korsvik på piano og trekkspel.
HJARTELEG VELKOMEN!
Arr: Den norske kyrkja og Fjellkyrkjelaget