Tour des Fjords 2014

Share

Medan rittet i fjor hadde sikra seg alle dei norske proffsyklistane, Thor Hushovd, Alexander Kristoff og Lars Petter Nordhaug, var det bare Kristoff som stod på startstreken i år.

Å sjå på sykkelritt er fascinerande. Eg hugsar frå fjorårets start i Valle i regnveret den fredagen, det var bare eit svusj, så var horden av syklistar forbi. På TV syter fotografar for nærbilete av både dei som er i brudd og dei som er i hovudfeltet. Eg undrar meg på at det går godt, dei fyk av garde i 50 km/t og sit bakpå motorsyklar og filmar. Det er balansekunst av høg klasse, men for oss som sit i godstolen heime og fylgjer med, er det god underhaldning. Når vi og får gode kommentarar, så blir det ein idrett som vinn fleire og fleire TV-sjåarar.

Årets ritt vart som i fjor avslutta i Stavanger, og det var spennande å sjå sykling på kjende trakter. Det er all grunn til å late seg imponere av Alexander Kristoff. Då han tråkka til i innspurten, verka det mest som om dei andre stod stille der på Vågen i Stavanger. Og den som seier at det ikkje er bakkar på Jæren, kan jo prøve å sykle opp til Ullandhaug frå Madla, det såg ut til å vere ein bakke som kravde mykje kraft for å halde fart og ikkje sakke akterut.

Eg hugsar at eg i fjor undra meg over at Fædrelandsvennen knapt ofra ei linje på rittet, til tross for at Sparebanken Sør sitt sykkellag hadde gode sørlendingar på startstreken. Heller ikkje i år var det mange linjer å lese. ein einspalter på side 36 fortalde at Kristoff vant, Holst Enger på femte. Og teksten inneheldt om lag det same som overskrifta.

Sjølv let eg meg imponere av den unge dansken Jesper Hansen som vann ein etappesiger. Det førte til at eg skreiv ein liten artikkel om han på Wikipedia. Du kan lese den her: https://no.wikipedia.org/wiki/Jesper_Hansen_(syklist)

Eg kunne nok har skrive om fleire syklistar som var med i rittet, men det vart med den eine, så langt. Kan hende burde eg skrive om dansken som vart nr. 2, Magnus Cort Nielsen, han var ein sympatisk ung mann, så langt eg kunne forstå då dei intervjua han etter rittet. Han var skuffa over å bli slått av Kristoff med eitt sekund samanlagt, men når han får det litt på avstand, tippar eg at han er nøgd med dei to vekene han var i Norge og sykla i mai 2014.