Dødsvegen E39

Share

I går var vi på Varhaug. Syster mi, Solvor Rasmussen, er prestekone der, og ho feira 60-årsdag saman med vener og familie på Varhaug misjonshus i går kveld. Det vart ein flott fest med mat prega av at ho og mannen har vore misjonærfolk i Bangladesh. I tillegg er jærbuen glad i kaker, så eit velfylt kakebord var og ein del av opplevinga. I tillegg er familien vår glad i musikk og sang, så saman med talar og lysbilete-kavalkade frå livet, vart det ei flott oppleving.

Medan trafikken var stor då vi ved halv-tretida på ettermiddagen la i veg vestover, var det temmeleg roleg på E39 då vi snudde nasen mot sør ved 0030-tida. Om alt hadde gått som planlagt, kunne vi nyte årets lysaste natt i eiga seng frå om lag klokka 03.

Men slik gjekk det ikkje. Etter ein nydeleg tur sørover opplevde vi blålys bak oss då vi kom til Lenesfjorden, så vi svinga av på rasteplassen nede ved fjorden og let ambulanse og politibilar kome forbi oss. Like før hadde vi sagt til kvarandre at om alt gjekk etter planen, burde vi nå att den trailaren vi såg framom oss og så kunne kjøre forbi den opp Osestadbakkane. Men like etter at det var blitt to felt i vegen, var det bare å stoppe. Politbilar stod der med blinkande blålys, og etter at ein av politifolka hadde vore framme, kom han tilbake og sa at vi måtte snu, det hadde vore dødsulukke i bakken.

Så var det bare å vende nasen mot Lyngdal att. -De må kjøre om Spangereid, sa han. Men eg valde å kjøre om Kvås, så over heia til Konsmo og tilbake til Vigeland. Der stod politiet i rundkjøringa med fyrlykta og stoppa trafikken og sende han via Spangereid. Den omvegen tok ein time via Kvås, men vi møtte knapt nokon bilar over heia, så dei som var på veg vestover, hadde nok høyrt på politiet og lagt vegen på sørsida.

Så i staden for å kome heim mellom klokka halv tre og tre, vart ho halv fire før vi parkerte i Tregdeveien. Etter litt leiting på nettet fann vi meldinga frå politiet på Twitter som sa at vegen vart opna for manuell dirigering ved fire-tida, og først i dag tidleg var vegen rydda og trafikken kunne gå som normalt.

På veg tilbake mot Lyngdal, kom eg til å tenke på alle dei gongene eg høyrer NRK seie at om vi har noko å melde frå trafikken, må vi ringe 800, fem ganger 9. Så eg slo nummeret på telefonen og kom til ein automatisk telefonsvarar som sa at dei ikkje hadde høve til å ta telefonen nå, men eg kunne legge igjen ei melding. Så gjorde eg det, og tenkte kanskje at dei kunne seie til andre trafikantar at dei ikkje trong å prøve å kjøre E39 mellom Lyngdal og Vigeland. Men på radioen var det taust. Heller ikkje klokka tre kom det noko om ulukka i nyhetene. Derimot var det noko om eit leirras i Trøndelag. Først klokka fire kom meldinga om dødsulukka i Lyngdal, då synte det seg vel at leirraset i Trøndelag knapt hadde vore verd å melde om.

Lærdommen min av dette er at NRK trafikkradio ikkje er operativ om natta, knapt nok i helga. Kvifor dei då prentar inn i oss at vi må ringe dei når vi har noko å melde frå trafikken, det veit dei nok bare sjølv.

Og så treng vi ny fire felts E39 får Kristiansand til Stavanger så fort som råd, vi har ikkje råd til å ha fleire dødsulukker på denne vegen. Denne gonge var det ein 22-åring, truleg frå Lindesnes som mista livet, i alle fall var bilen registrert på ein eigar frå den kommunen.

Etter å ha kjørt mykje i mange år, er det første gongen eg har kome så nær ei dødsulukke, vi var truleg bare fem-seks bilar bak ulukkesbilen. Men kvar dødsulukke er ei for mykje.

I dag skreiv avisa Lindesnes om ulukka:
http://www.l-a.no/nyheter/Mann-omkom-i-trafikkulykke-pa-E39-i-natt-182791.html#.U6aqEvl_sZx