Jubileum for Hylestad kyrkje

Share

Eit par år før eg kom til Valle feira ein 150-årsjubileum for Hylestad kyrkje. Det fall saman med innsettinga av Theis Salvesen som sokneprest. Han kom frå Ibestad i Troms, eg kom frå Hadsel i Nordland.

Jubileet vart markert med eit jubileumsskrift, det har eg bladd i i dag. Eg har fått vore med i komiteen som har planlagt jubileet, du kunne sjå ein annonse for festen komande sundag i Setesdølen fredag som var.

I planlegginga har komiteen, som har bestått av Siri Melhus, Sissel Åkre, Leonhard Jansen, Åse Holen og meg, etter kvart med hjelp frå Sissa Ringstad, kome til at vi ville markere noko av den rike folkemusikalske tradisjonen i Hylestad. Difor kunne du lese mange kjende namn i annonsen: Kim André Rysstad, Daniel Sandén-Warg, Sigurd Brokke, Anne Helle Hagen, Tone Å. Rysstad og Tora Åkre Lund er vel dei som er mest kjende som folkemusikarar.

Eg trur det vil bli ein fin dag, og det same tenkte soknerådsleiar Astrid Nomeland, som var med meg i Valle Radio tysdag for ei veke sidan. Ho har opplevd at kyrkja har vore ein stad der ho kunne kome både i glede og i sorg, det er ei erfaring ho har med svært mange som soknar til kyrkja. Om alle dei kom på festen sundag, ville det verte trongt om plassen, for mange er det som har vore innom kyrkja dei 175 åra ho har stått på Rysstad.

Sjølv kom eg til Valle i 1991 som avdelingsleiar for kyrkjeseksjonen i kommunen, og Hylestad kyrkje vart sentral i mitt liv. Det same har sikkert prestane i Valle opplevd, sjølv om det var annekskyrkja. Eg har skrive litt om nokre av dei i dag på Setesdalswiki. Nokre var lenge i tenesta, andre var kortare tid. Men det er fascinerande å lese om dei som hadde teneste i kyrkjene i prestegjeldet. Her er lenker til dei som har fått nye artiklar på Setesdalswiki i dag:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Peter_Blom
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Magnus_Falkenberg
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lars_Christian_Arup