Med dans og stev på Fevik Strand Hotell

Share

Las du om Folkeakademia sitt landsmøte i Setesdølen i dag. Det stod på side tre, og det var bilete av Kim André Rysstad, Gunhild Nybø Hagane og Torleiv Løyland.

I sendinga i Valle Radio sist tysdag hadde eg ein telefonprat med ein av dei som var med i arrangementskomiteen for landsmøtet, Jon Harald Heggland, som er leiar i Arendal folkeakademi. Han fortalde levande om arrangementet og dei som var der. I tillegg til dei tre som det var bilete av i avisa, var Kjetil Carolis Jore og Jan Oddvar Rysstad med.

Det som kanskje imponerte meg mest var at Jan Oddvar ikkje bare spelte munnharpe, men og kvo saman med bror sin. Vi som har hatt nokre år i Valle, hugsar at han var ivrig med kveding som ung gutt, men han har ikkje gjort det offentleg på mange år. Flott at han prøver seg igjen, det talentet bør han ikkje grave ned.

Jon Harald Heggland fortalde om trampeklapp frå deltakarane på landsmøtet, så det var tydeleg at innslaget frå Setesdal gjorde stor lukke.

Folkeakademiet er aktiv i Setesdal, i Valle er det ikkje bare kulturveka om hausten som nyt godt av det. Etter det eg skjønar har Leif Kvinlog vore med i landsstyret og Sissel Åkre er framleis med der, så kulturen i Øvre Setesdal er og inspirasjon på landsbasis.

Kim-André kan du få høyre om du blir med på kyrkjejubileet for Hylestad kyrkje komande helg. Han blir med både i kyrkja og på middagen på soknehuset, det gleder eg meg til.