Festivalsommar

Share

I dagens Setesdølen var det ein leiar med tittelen Imponerande festivalsommar. I artikkelen vert det omtalt ganske mange arrangement som skal skje i Setesdal i sommar. Her er det tale om vannfestival på Evje og fjellhagens dag i Åseral, det som skal skje på Ose er og nemnt, det same er jordbærfestival og setesdalskappleik.

I konklusjonen skriv avisa så: Poenget er at kulturlivet i dalen er spekka av store opplevingar.

Det vil føre alt for langt å nemne alt som skal skje i Setesdal i sommar, men avisa kunne vel gjerne nemnt at det også på kristenfronten er stor aktivitet, det er bibelcamping både på Evjetun og på KVS, det har vore teltmøter både i Valle og på Evje.

Sjølv om det vanlege arbeidet går i sommarmodus, er det altså mykje som hender i bygdene i dalen. Difor hadde det vore ei flott tid å lage radio, men så var det sommarferien, då. Den er velfortent for alle som lagar radio, så det vil ikkje kome særleg mykje i eteren av all den aktiviteten. Vi vil måtte lese det i Setesdølen, og truleg vil fleire arrangørar sukke og seie at ingen frå avisa var innom vårt arrangement, noko som vel er nokså naturleg, ettersom også bladfykar skal ha sommarferie.

Så vert det meir opplevinga for dei som er på arrangementa enn reportasjar i media. Og det er jo dei arrangementa er for, dei som stiller opp og får med seg det som skjer, anten det er bibeltimar eller kulturkveldar, smaksprøvar eller naturopplevingar.