Jubileumsfest med særpreg

Share

Så er festdagen for å markere 175-årsjubileet for Hylestad kyrkje over. Sjølv var eg ikkje til Bjørgum for å markere sambandet mellom noverande kyrkje og gamlekyrkja der, men Bjørgulv T. Berg, som sa nokre ord og la ned blomar, sa at det hadde vore overraskande mange til stades.

Då eg kom til kyrkja like over halv elleve, var parkeringsplassen så og seie full, like etter måtte folk pakrere langs riksveg 9 og slik markere sambandet mellom kyrkja og riksvegen, det var jo vegen som førte til at kyrkja vart flytta.

Medan tussane hadde ein finger med i spelet når det gjaldt kvar kyrkja skulle ligge på austsida av elva, var det presten Johan Koren Dahl som nok hadde meir enn ein finger med i spelet då kyrkja vart flytta på vestsida. Han var den første ordføraren i kommunen, formannskapslovene kom i 1837, og med det ei ny tid i bygdene. No skulle folkevalde styre og stelle.

Det første dei styrde med, vart altså Hylestad kyrkje. Gamlekyrkja vart riven i 1838 og nyekyrkja vigsla 30. juni 1839, så jubileet vart feira så nært opp til jubileumsdagen som råd.

Leonhard Jansen heldt to flotte kåseri om kyrkja, fyrst eitt til innleiing i gudstenesta, sidan med bilete på Soknehuset. I kyrkja snakka han om bygningen vi då var i, i Soknehuset meir om samanhangen og om dei flotte Hylestadportalane.

Elles var gudstenesta prega av mykje fin musikk. Kim André Rysstad song fine salmer frå galleriet, Tone Å. Rysstad og Tora Åkre Lund song frå koret med tonefylgje både frå orgelet og frå Anne Helle Hagen på fele. Det var flott å høyre song med noko av dåmen frå tida då det ikkje var orgel i kyrkja.

Fleire av dei som hadde helsingar kom inn på den flotte salmesangen i kyrkja, det var mest som taket lyfta seg. Ordførar Tarald Myrum meinte at songen i Valle kyrkje høyrdest tammare ut, og det vart ei festgudsteneste med flott song frå kyrkjelyden, ikkje minst takka vere trompet frå Anders Ropstad saman med orgelet. Det lyfta songen til høgder ein sjeldan høyrer i kyrkja.

Prost Gunnar Ellingsen tala frå preikestolen, sokneprest Terje Seilskjær hadde liturgi før talen, og så delte dei på etter talen. Under ofringa var det lydarslått etter Andres Hovet, spelt på fele av Daniel Sandén-Warg, som og spelte ein lydarslått sist i kyrkja, før utgangsprosesjonen til strålande musikk av orgel og trompet.

På kyrkjebakken gjekk praten om laust og fast før ferda gjekk til soknehuset. I gudstenesta fall det seg til og med slik at folk frå USA med røter i Brokke og Berg var på besøk, dei vart med til middagen og fekk smake suppe og lefse, servert av Hylestad bygdekvinnelags dugande medlemer. Truleg vart dette ei særmerkt oppleving for langveisfarande oldebarn som dei vil hugse lenge.