Årsmøte 2013

Share

I kveld var det årsmøte i Valle Radio. Det var tid for å gjere opp status for 2013. Møtet vart halde på Valle Motell, og vi var 12 personar som møtte opp: Ørnulf, Jørund Georg, Kåre og Rolf frå styret; Ronny og Henri Tore frå valkomiteen, programleiarane Harald og Bjørgulv, teknikarane Torhild og Siri og telefonvaktene Solveig og Jorunn LH.

Innkaling og sakliste vart godkjent. Harald vart vald til referent og Ørnulf til møteleiar.

Årsmeldinga var skriven av Kåre, og Ørnulf las ho opp. Ho vart godkjent med akklamasjon. Dersom eg får den tilsendt på mail, kan eg legge den ut på bloggen etter kvart.

Ørnulf gjekk og gjennom rekneskapen, som synte inntekter på om lag 350.000 kroner, ein auke frå 290.000 i 2012. Dermed vart det eit godt overskot på drifta, rekneskapen var gjort opp med vel 71.000 i overskot.

Rolf Erik leia valet. Kåre og Jørund Georg var på val og vart attvalde med akklamasjon. Det same vart Ørnulf som leiar. Også valnemnda vart attvald, det same vart revisor Hallvard Holum.

I samtalen om arbeidet kom vi inn på utsiktene til at FM-nettet skal sløkkjast i 2017, noko som truleg ikkje vert gjennomført så tidleg. Årsmøtet var vidare vel nøgd med omlegginga av premie frå påskebasaren der vinnaren kan velje mellom dalebukse eller gåvekort på 30.000 kroner frå sponsorane til Valle Radio.

Omlegginga til ein time kortare sendetid onsdagane vart og diskutert, både teknikarar og programleiarar var nøgde med endringa. Det vart likevel halde fram at vi må prøve å halde oppe ein nyhetsprofil, å spegle lokalsamfunnet er ein viktig verdi for Valle Radio. Som vanleg vart det og diskutert korleis vi kunne få fleire folk til å vere programleiarar og teknikarar, utan at nokon hadde gode svar på dette.

I alt dette var det og servert nydeleg pizza frå Valle Motell. Møtet starta klokka 19 og vart heva klokka 21.30.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *