Burmesisk i Valle Radio

Share

Eg har sidan årsmøtet fundert på om det kunne vere mogleg å få til sending på anna språk enn norsk i Valle Radio og slik ta konsekvensen av at det etter kvart bur mange i Setesdal som ikkje har norsk som morsmål. Eg er jo lærar for nokre av dei som strevar med å lære seg norsk som andrespråk, eller kanskje tredjespråk for den del, så eg tenkte at eg kanskje kunne slå fleire fluer i ein smekk.

Sjølv om det er viktig å lære seg norsk språk, tek det tid, og difor tenkte eg at vi kunne gje plass til litt på burmesisk for dei som snakkar og forstår dette språket. Det er jo felles språk for karenarane og dei frå chin-folket frå Burma som bur i Setesdal.

Denne helga har Reidun vore på Sunnmøre, så difor valde eg å ikkje reise til Mandal. Då naboen min, Mo Ga Po Kinny, såg at bilen min stod i Valle, inviterte ho meg til å kome til henne på lunsj laurdag. Etter nydeleg taco sat vi og prata, og så kom plutseleg mange andre burmesarar på besøk. Dei hadde vore på gudsteneste hos Paw De Lay David og kom innom for å slå av ein prat.

Ein av dei som kom innom, var Eh Ka Mwee Sein. Han er pastor for Setesdal baptistmenighet i helgene, elles jobbar han som reinhaldar på Bykle skule. Etter sju år i Norge har han fått fagbrev som reinhaldar, men kallet hans er å vere pastor, han har fleire år bak seg med teologiske studiar. Etter kvart som vi prata saman, synte det seg at han gjerne ville vere med meg i Valle Radio, så tysdagskvelden klokka 18 startar vi med ein liten prat med Eh Ka Mwee Sein før han held andakt på burmesisk. Den første halvtimen av sendinga går med til dette, og om det fungerer og vi får tilbakemeldingar på at nokon har hatt glede av denne halvtimen, ser eg ikkje bort frå at det kan blir meir av dette når vi startar opp att til hausten. Sendinga tysdag blir siste tysdagssending før ferien, så i tillegg til å ha noko av det vanlege tysdagsprogrammet, vil vi ha ein aktuell time, ettersom det ikkje lenger er onsdagsprogram i radioen no i sommar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *