Ein sensajson i fiskeverda

Share

I den aktuelle timen tysdag 10. juni kunne Valle Radio som fyrste media pres, entere ein sensasjon i fiskeverda. Det skjedde i samtalen med Tor Moseid, som er dagleg leiar i VAFA – Valle fiskeadministrasjon. Det er ei samanslutning av 16 fiskelag, kvart fiskelag består av grunneigarar knytt til eit vatn eller eit vassdrag.

Han kunne fortelje at laurdag 31. mai vart det fanga ei bleke under Hallandsfossen i Valle. Bleka var 27 cm lang, dei kan nok bli opp til 30 cm. men å få ei så stor bleke lengst nord i Flåne, det er ein sensasjon. Det har ikkje skjedd på 50 år.

Den er den første som er teken i dette området sidan samanbrotet i blekebestanden i begynnelsen av 1970-åra. Den stammar frå rognplanting i blekeprosjektet, truleg i 2010 og var i godt hald. Det vert sett ut blekerogn frå Syrtveit Fiskeanlegg kvart år over ein lang strekning i Otra, også ved Hækni og nedanfor Langeid. Sist haust vart det ved prøvefiske fanga 19 bleker ved Besteland. Desse var små og av årsklassane 1-3 år.

Bleka vart sett ut att, ein håpar at ho skal bli kjønnsmoden og etter kvart legge rogn, slik at arbeidet med å få ei sjølvreproduserande blekestamme tilbake kan lukkast.

Tor Moseid, som vaks opp på Byglandsfjord, men no bur på Sandnes, fortalde at han som gutunge fiska mykje bleke i Byglandsfjorden. Det skjedde mest med oter, far hans hadde ein motorbåt som dei nytta, eller så kunne dei gå langs land. Men no har det vore langt mellom blekene i øvre del av utbreiingsområdet, bleka gjekk til Hallandsfossen i gamle dagar, fortalde han. Men reguleringa knekte nesten stamma, så ho har fått kunstig hjelp i mange år frå fiskeanlegget på Syrtveit.

Sjølv fiska han helst på heia no for tida. Då kunne han gjerne gå til Ljomsvatnet eller andre vatn på austheia, der er det fin fisk å få. Han har båt i Flåne, men det er så mykje gras der at det tek bort noko av gleda med å fiske. Krypsivet er ei pest og plage for alle som vil nyte fisket. Det er for øvrig gratis å fiske i Otra for alle som bur i Valle, men turistar må kjøpe fiskekort.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *