Jubileumsfest med særpreg 2

Share

Medan eg i går skreiv mest om det som gjekk føre seg i kyrkja, skal dette innlegget på bloggen handle mest om det som gjekk føre seg etter gudstenesta. Teksten i gudstenesta handla om det store gjestebodet, og det var i grunnen ein høveleg tekst. Rett nok handla den om at ingen av dei inviterte fann det bryet verd å kome, så folka måtte ut på gatene og invitere. Slik var det ikkje på Rysstad, dei fleste av dei inviterte, det vil seie kyrkjelyden som var i kyrkja klokka 11, vart med til Soknehuset for å få med seg resten av gjestebodet.

Hylestad bygdekvinnelag stod for suppe og eplekake og lefse, eg trur nok at rundstykka var det som fekk minst avsetnad til suppa. For det er noko eige med Setesdalssuppe med lefse og eplekake, det er tradisjonsrik sundagsmiddag, kven veit om ikkje presten Dahl også åt det for 175 år sidan den 30. juni, då kyrkja vart vigsla.

Praten gjekk i alle fall livleg rundt bordet, og måltidet måtte helst avbrytast for at festprogrammet i andre høgda skulle kunne starte nokonlunde i tide. Då hadde vi og fått forsyne oss av eit overdådig kakebord, og kjøkengjengen hadde fått ei korg med sjokolade dei kunne kose seg med til kaffien på møta sine framover.

Festprogrammet starta med munnharpeslått av Sigurd Brokke før Jon Ola Rysstad hadde eit innleiande blikk på kyrkja frå ein som ikkje er så flittig ein kyrkjegjengar, det var heilt klart eit innlegg til ettertanke å ta med seg. Så kom bidrag slag i slag, med helsing frå ordførar Tarald Myrum, prost emeritus Ole Gunnar Sæbø, prost Gunnar Ellingsen helsa frå biskopen, det var skriftlege helsingar frå Ragnhild Bjelland, Kåre Svebak og Leif Raustøl, borne fram av Astrid Nomeland, Gunveig Kårvann og Sissa Ringstad. Astrid er soknerådsleiar. Ho leia programmet og hadde sjølv ei helsing frå soknerådet, sjølv hadde eg ei helsing, som eg kanskje kjem tilbake til. Birgit Dale helsa og takka og sokneprest Terje Seilskjær oppsummerte det heile og lyste velsigninga over festlyden. Innimellom alt dette var det musikk av dei same som hadde vore med i kyrkja, pluss eit ungdommeleg innslag av Tiril Brokke og Liv Tone Åmlid Heia. Når så alle som hadde vore i elden vart takka med rose, og komiteen som gjennom vinteren hadde arbeidd med å få til programmet fekk eit eksemplar av den nye salmeboka som takk for jobben, kan ein jo skjøne at dette tok litt tid. Komiteen hadde tenkt halvannan time, men enden på visa vart at festlyden var med ein time ekstra, så det vart ein lang festdag for dei som var med på alt.

Men det var ein fest. Kyrkja i vegkanten på Rysstad fekk mange gode ord, kyrkjelyden fekk ei påminning om verdien av å ha eit kyrkjebygg midt i bygda.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *