Pinsetid

Share

I dag på første pinsedag såg eg gudsteneste frå Sverige på TV. Den skal eg kome tilbake til. For eg kom og til å sjå eit innslag på Dagsrevyen der reportarar hadde vore ute og spurt folk på gata om dei visste kvifor vi feira pinse. Det synte seg at svært få visste det, men ein 12-åring kunne seie at det var høgtida 10 dagar etter Kristi Himmelfartsdag. Han var ein av dei få som kunne noko konkret av dei som vart spurde i den undersøkinga.

Vi som er litt meir opplyste, veit at pinsa ofte vert omtalt som kyrkja sin fødselsdag, det var då det heile starta som i dag syner seg i kyrkjelyder over heile verda. Rett nok med noko ulike fargar i truvedkjenning og form, men likevel eitt i Kristus gjennom Den Heilage Ande.

Presten som talte i kyrkja i Norrköping, skildra pinseunderet på ein måte som var ny for meg. Sjølve underet der disiplane talte på ein måte som gjorde at folk frå mange land forstod det dei sa, det er eit under som knapt har sin like, ikkje eingong tungetale kan måle seg med noko slikt.

Men presten synte korleis vi og i dag har mange språk innan språket og korleis det ofte kan vere vanskeleg å skjøne fagspråk sjølv for folk som har felles språk. Det var det ikkje vanskeleg å vere samd i. Som lærar i norsk som andrespråk ser eg korleis elevane mine nok kan ha og forstå eit daglegspråk i norsk, men om dei skal skildre til dømes religiøse erfaringar, kan dei i liten grad nytte språket eg lærer dei, det er ikkje ein del av daglegspråket. Når vi har språktest 2 og 3 og Bergenstesten, er kvar av testane eit utvida språk der ein skal bruke språket på ein rikare måte.

I så måte er det eit pinseunder kvar dag når ein prøver å forstå eit nytt språk med alle dei valørar og konnotasjonar som språket har. Ja til og med eige morsmål er eit pinseunder, at vi menneske kan kommunisere med avansert språk, til dømes abstrakt språk, seier forskarane er den viktigste skilnaden frå dyra.

Du opplever altså eit pinseunder kvar einaste dag. Gled deg. God pinse.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *