Sentrumsfrukost 2014

Share

Endeleg ein sentrumsfrukost der vi fekk høveleg ver. Ikkje så strålande som det har vore nokre veker, men høveleg, i alle fall mellom 10 og 12, då maten vart servert. Sidan kom det nokre skyer, då vart det helst surt i den kalde vinden.

Ordførar Tarald Myrum opna det heile med gode ord til sentrumsforeninga som har stått for arrangementet i 10 år. Sjølv har eg vore på dei tre siste, og det var utan tvil det med best ver. Ordføraren lurte på om det kanskje skuldast at presten no ikkje lenger skal pendle, kona har fått seg lærarjobb i Valle, og då blir begge i bygda, Tarald minna oss om at Theis hadde hatt eit spesielt godt grep om å skaffe lagleg ver.

Så var det nydeleg frukost for ei etter kvart stor forsamling folk. Gratis is og ballongar til barna levert av Valle Sparebank, og folka i sentrumsforeninga fylte på med brød og pålegg så lenge folk ville ha.

Rundt borda gjekk praten livleg, mange møtte kjente som dei ikkje hadde sett på lang tid, eg slo av nokre ord med Rolf Pedersen, han var lærar i Valle og var invitert til å vere med elevar som gjekk ut av skulen for ti år sidan på markering av jubileet. No er han lærar i Kvelde, nabobygda der Ove Berrefjord held til, og sambuaren hans har sunge i samanhengar der Pieter Leebeek har spelt, kunne han fortelje.

Slik gjekk praten mellom folk over kaffi og mat medan sola varma. Då måltidet var over, varma underhaldning frå scenen. Først var det elevar på kulturskulen, så kom Tiril Brokke og song, deretter var det blomar til Gunnar Brottveit, som hadde vore med og drege i gang arrangementet då han enno styrde på Valle Handel. Så kom Vidar Frøysnes og Terje Emblemsvåg på scenen. Med gode soger og fin musikk heldt dei på ein halv time, men kva som hende etterpå, veit eg ikkje, for då takka eg for meg.

I kveld er det brusteinsball, veret er truleg lagleg for det og, men eg ladar opp til kyrkjejubileum i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *