Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen

Share

Nå er Reidar Tveitos bok Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen kome for salg.

Torjus Rygnestad skriv:
Dette vart ei kjempefin og interessant bok på over 250 sider! Boka er spekka med gamle og nyare bilete frå heile dalen, og god og velskreven tekst til kvart bilete. Anbefaler alle med interesse for lokalhistorie å kjøpe denne.

Eg har gleda meg til at Reidar skulle bli ferdig med boka og fylgt arbeidet hans med boka. Det er blitt fleire turar oppover Setesdal for å ta bilete av bruene på vegen, eg trur han sa at det er 116 bruer. Han fortalde litt om dette i siste sendinga i Valle Radio før ferien, det hadde blitt ein større jobb enn han trudde då han sette i gang.

Sjølv skriv Reidar:
Nå er boka i salg heile vegen mellom Kristiansand og Hovden: Kiwi-Hovden
Coop-Bykle
Hasla-Valle
Coop-Rysstad
Setesdalsmuseet-Rysstad
Coop-Ose
Glashytta-Bygland
Almedal-Grendi
Coop-Byglandsfjord
Setesdal Libris-Evje
Vennesla Libris-Vennesla
Birting Libris-Kristiansand
Vivo bokhandel-Lillesand

Eg vonar boka får mange lesarar. Ho bør vere ei flott gåve til alle som har interesse for vegen og arbeider for å få gul stripe til Hovden. I grunnen syntest eg det var rart at Setesdal Regionråd ikkje støtta boka, men eg vonar dei kjøper ein del eksemplarar og gjev som gåve. Eit slikt storverk for heile Setesdal bør ein setje pris på og gjere seg nytte av.

Ein leirstad i Sirdal

Share

Rundturen i går minna meg på eit engasjement som foreldrene mine hadde på sine eldre dagar. Far hadde ein livslang kjærleik til sundagsskulen, og eg er sikker på at han helst ville ha vore lærar om tilhøva hadde gjort det mogleg for han å bli det då han var ung. Men sundagsskulelærar kunne han bli, og i over 50 år var han aktiv i sundagsskulen heime på Ålgård. For dette fekk han i 1993 Kongens fortenstmedalje.

Engasjementet hans førte ikkje bare til at han gjekk på sundagsskulen kvar sundag det ikkje var gudsteneste i kyrkja og han måtte gjere jobben som kyrkjetenar. Han vart engasjert i Rogaland søndagsskolekrets, der han som pensjonist tok på seg kasserarjobben. På 1980-talet ein gong, eg hugsar ikkje heilt sikkert, for då budde me i Vesterålen, fekk folk med kjærleik til sundagsskulen ideen om å få til ein leirstad i Sirdal som kunne nyttast i kretsen sitt arbeid, til dømes med leirar i vintersesongen eller når det elles måtte høve.

Kvar gong eg køyrer over Suleskarvegen og kjem til Roskreppdammen, tenkjer eg på den brakkeriggen som stod der då dei bygde dammen. Etter det eg hugsar, fekk dei ivrige sjelene i sundagsskulen lov til å hente materialar og utstyr der då riggen skulle rivast. Dette frakta dei til Omlid, grenda ei god mil sør for Sinnes, og gjekk i gang med å byggje leirstaden. Frå 1989 til 1993 jobba dei som heltar for å bygge opp anlegget, som i dag består av to hus med plass til nærare 40 personar. Standarden er ikkje hotellstandard, det er køyesenger, men prisane er heller ikkje hotellprisar.

Eg hugsar at mor var kokke på nokre slike leirar og far var og med som leiar. I 2001 gav far ut ei lita bok på Setesdalsforlaget med barneandaktar. Han hadde skrive dei under vignetten Onkel Henrik i Fiskerens Venn, der eg var redaktør frå 1972 til 1976. Bak på boka Jesus har bruk for deg er det reklame for Søndagsskoletunet Omlid.

På turen i går kom eg til å tenke på dette då me kjørte gjennom Sirdal. Eg hugsar at eg ein gong hadde med mor dit då eg sjølv hadde vore på Ålgård og skulle tilbake over fjellet til Setesdal, så eg tenkte at eg ville syne det til Helge og Reidun. Men det var lettare sagt enn gjort, for det var godt gøymt i skogen som hadde vakse opp, og det var ikkje noko skilt. Så vi måtte snu nede ved butikken og køyre opp bakkane att for å finne det. Då køyrde vi og forbi, så vi måtte heilt opp til Dorgefoss for å snu, men på turen ned tok vi det så seint at vi fann stikkvegen inn til tunet. Det var inga merking som sa at vi var komne på rett plass, men det stod eit kors mellom dei to husa og indikerte at vi var der vi skulle vere.

I dag googla eg det og fann informasjon om Søndagsskoletunet Omlid på http://www.omlidleir.no/ Kikk gjerne innom og sjå kva iver og dugnad kan føre til.

Rundtur

Share

Eg hadde eit ærend til Kristiansand i dag. Reidun og Helge valde å vere med, og så laga vi det til ein rundtur. Det eg skulle ordne i Kristiansand var ordna klokka 12, og så bar det oppover mot Vennesla. Det er sjeldan eg køyrer den vegen på tur til Valle, men no tok vi oss tur til å svinge innom Iveland og sjå korleis bygget Åkle veks og er med på å forme Birketveit til eit sentrum for kommunen.

Vel framme på Evje var det tid for middag, og dei trivelege jentene på Pernille hadde vårrullar på menyen, så det vart to vårrull og ein hamburger på oss tre. Dette vart toppa med softis til dessert, så vi var gode og mette etterpå. Før vi drog vidare rakk eg ein tur innom tikronerskassa til Setesdalen Libris, eg gleder meg til å pakke opp det eg fann der seinare.

Turen oppover Setesdal var ei oppleving i godt ver og med temperatur som svinga mellom 25 og 30 grader. Då er det godt med klimaanlegg i bilen. Trafikken var høveleg, og det var lenge sidan Helge hadde kjørt oppover dalen, så det var litt av kvart å snakke om. Ikkje minst kunne vi glede oss over utbetringa av vegen som er kome nord for Ose. Då kunne vi bare setje på cruisekontrollen og la det gå i høveleg fart heilt til Besteland. Når bomstasjonen der er borte, er det ingen grunn til å klage på utviklinga frå eg flytta til Setesdal i 1991.

Vi måtte svinge innom parkeringsplassen til Nomeland skule og sjå treet som stod like utanfor huset vi budde i der. Eg trur det er det einaste som framleis står etter på tomta. Etter ein liten tur innom i Leite gjekk så ferda over fjellet til Sirdal. Trafikken på den smale vegen var ikkje så stor i dag, så turen gjekk fint, men vi måtte reflektere litt over hyttebygginga som har skjedd i begge endar av vegen. Det er lagt ned mykje pengar både i Brokke og i Sirdal sidan vegen kom i 1990. Det tyder vel på at folk har hatt god råd.

Etter ein liten stopp på Jokerbutikken på Svartevatn, gjekk ferda vidare nedover til Dorgefoss. Eg må som regel stoppe litt der når eg køyrer forbi, det er spesielt å sjå ned i juvet der. No er det fint lagt til rette med rasteplass og toalett og informasjon frå Vegvesenet.

Ferda gjekk vidare nedover Sirdal til Tonstad, men det var blitt kveld, så vi stoppa ikkje der, i grunnen var vi ikkje blitt svoltne heller sjølv om det var gått noko tid sidan vi hadde middag på Evje. GPS-en sa at vi skulle svinge av på Sandvatn og kjøre til Gyland, deretter fann han ein veg til Feda som eg aldri hadde vore på før. Feda er jo og ein stad vi kjører over no, så det var mange år sidan sist eg rulla gjennom denne bygda. Så fekk eg prøve korleis det var å kome opp på E-39 derifrå gjennom tunnelen og plutseleg var eg på kjente trakter og kunne legge meg i køen av bilar som skulle sørover.

Det var ein rundtur eg hadde glede av. I ferien skal ein prøve å gjere noko ein har glede av, så det var ein vellukka feriemåndag i dag.

Setesdalswiki i sommarvarmen

Share

Det går ikkje så fort å auke talet på artiklar i Setesdalswiki i sommarvarmen. Men i dag var det ein god dag, for Geir Daasvand hadde vore på tur og teke eit bilete av Skjerka som gav grunnlag for ein artikkel, og då han først var i gang, kom det fleire artiklar frå hans tastatur.

Gjennom dei åra vi no har halde på å skrive artiklar, har det blitt ein del feil i lenker, noko som fører til at lenker som er røde, kunne vore blå. Helland har gjort ein stor jobb i dag med å fikse på slike lenker. I samband med det importerte han artiklane om Iveland og Åseral frå Wikipedia, og plutseleg var det mange røde lenker som vart blå.

Sjølv har eg skrive nokre datoartiklar i dag. Eg plundra litt med morgondagen, for det er ikkje så mykje som skjer på ein måndag, og eg vil jo gjerne ha ei hending i ein datoartikkel. Men så såg eg at det er pensjonistbowling på Evje klokka 18, det er kvar måndag året rundt, ser det ut til, og då vart det ei hending og i morgon.

Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke 2

Share

I går skreiv eg litt om fredagskveldane i Lyngdal kirke. I kveld vil eg skrive litt om solistane og det dei framførte. Kvelden starta med Ilze Janzeme som spelte Hjemad av Edvard Grieg på flygelet i kyrkja. Ho er frå Latvia, ein biografi på engelsk finn du her: http://ilzejaunzeme.com/biography2/

Ilze kom i kontakt med folk i Lyngdal for åtte år sidan i samband med eit utvekslingsprogram mellom Lyngdal og heimbyen hennar i Latvia. Sidan har ho spelt i Lyngdal kyrkje kvar sommar. Ho er ein vesentleg grunn til at ein i dag har eit flott flygel i kyrkja, ein så god pianist måtte få eit betre instrument enn det gamle pianoet som var der frå før. På YouTube kan du høyre Einar Steen Nøkleberg spele Hjemad, https://www.youtube.com/watch?v=d1lg6vGsvm0

Seinare i programmet spelte ho Norsk dans nr. 3 og 4 firhendig med Magrete Moen Birkedal, så det er tydeleg at ho har gjeve Grieg sin musikk ein stor plass på repertoaret sitt. To verk av Chopin fekk ho og plass til: Fantasie-impromptu opus 66 var storslått og krevande, og Ballade i g-moll, opus 23 var magisk i framføringa. Desse var nok dei største verka i kveldens konsert.

Elles presenterte ho musikk av Farsunds-komponisten Signe Lund Skabo og av landsmannen Emīls Dārziņš. Ho bytta på å sitje på pianokrakken med Margrete Moen Birkedal, så det kan hende eg blandar litt om kven som spelte kva, men i tillegg til dei komponistane eg har nemnt, fekk vi høyre Ave Maria av den georgiske komponisten N. Gabunia og Beata es Virgo Maria av R. Dubra, her til song av Ingrid Grøvan, som og song tre songar for obo og song av Vaughan Williams, då med Torunn Irene Kristensen på obo. Ho avslutta si avdeling med Johan Kvandals Å, her møter mangt og A. J. Gordons Eg elskar deg Jesus. Som ekstranummer etter roseutdeling framførte alle You raised me up. Er det rart om det var trampeklapp i sommarkvelden?

Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke

Share

Søster mi, Jorunn Moen, er organist i Lyngdal. Kvar sommar organiserer ho ein konsertserie som vert kalla Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke. I kveld tok eg turen dit for å få med meg konserten der døtrene hennar, Torunn Irene og Margrete, var aktørar på obo og piano. I tillegg song Ingrid Grøvan på konserten, og så var det ein lativsk pianist, Ilse Jaunzeme, der. På desse konsertane får dei og med ein elev på kulturskulen i Lyngdal, og i kveld var det Anna Eileen Nøtland på fløyte som deltok. Ho spelte Måne og sol og hausta stor applaus for innsatsen.

Eg kalla det konsertserie, og det er for så vidt rett. Men desse kveldane er det fellessang og opplesing i tillegg, så vi fekk høyre opplese ei salme eg ikkje hadde fått med meg frå Norsk Salmebok. Nr. 744, Norges folk og Norges kirke er skriven i 1914 av teologiprofessor Johan Lyder Brun og vart framført ved olsokfesten på Stiklestad i 1914. I tillegg deltok vi 107 som var til stades på første og siste vers av Å, eg veit meg eit land, to vers vart framførte solo av Ingrid Grøvan. Den salma vi song alle versa på, var Å hvilken ære for tanken alt for stor. Og sangen ljoma mellom veggene i den store kyrkja.

Eg skal kome tilbake til det øvrige programmet i morgon. Men etter dei musikalske godbitane er det kaffe og kake på kyrkjebakken, det gjev høve til ein hyggeleg prat for dei frammøtte. I slikt strålande ver som vi har hatt i sommar er det triveleg å møte folk når ein har hatt ei musikkoppleving og så dele kommentarar og ikkje bare gå rett heim etterpå. Truleg vil det kome nokre ord i Farsunds Avis, for det såg ut til å vere ein journalist der. Ho knipsa ivrig.

Fjelltur

Share

Sundagskvelden sette eg av to personar på parkeringsplassen til Øyuvsbu. Dei skulle gå over til hytta, sove der til neste dag og så gå til Håheller og ut til vegen, der eg skulle hente dei neste dag.

Øyuvsbu hadde eit hyggeleg vertskap som tok vel imot gjestene og denne kvelden var det høveleg plass i hytta, på parkeringsplassen stod det eit titals bilar og mange av folka som høyrde til i bilane hadde kanskje gått lenger enn til næraste hytte denne sundagen. Då eg neste dag kom for å hente mine to turgåarar, var parkeringsplassen stappfull, ja ein bil sto heilt ute i kanten på vegen.

Dei to hadde ein fin tur, mitt barnebarn Håkon fiska i dei vatna dei kom forbi, han fotograferte fuglar og anna han fann verd å feste til minnebrikka. Inntil han fekk gnagsår gjekk turen heilt fint, men med gnagsår vart det tyngre og han var glad då han endeleg såg bilen min og kunne setje seg inn der og slappe av. Etter litt varm mat på Statoil Rysstad gjekk ferda nedover dalen tilbake til Mandal der vi held hus i ferien.

-Flott å gå denne turen, sa Rønnaug då ho kom fram, det hadde vore greitt terreng og ein lagleg tur. Dei møtte nokre folk på turen, men ikkje så veldig mange. Medan eg stod på parkeringplassen, gjekk fire andre forbi meg, tre ut av heia og ein inn i heia.

Han som kasta med sluk på turen hadde hatt nokre napp, men ingen fangst vart teken med heim, så om dei hadde basert seg på fisk til mat på turen, hadde dei blitt svoltne. Om det var fiskaren eller utstyret si skuld, skal eg ikkje døme om.

Setesdalsheiane er ein stor ressurs for folk som vil ut i naturen. Men eit rikt nett av hytter og godt merka løyper kunne nok fleire nytte seg av det. No har turistforeninga fått ein person i Valle som skal promotere hyttene og få folk ut på tur. Eg vonar at dei lukkast i satsinga si og at fleire får del i den flotte naturen og tilsvarande fine naturopplevingane som mine to opplevde på fjellturen sin.

Vil det bli DAB?

Share

I dag er det 163 dagar att til nyttår, og 1. januar er fristen for at minst 50 prosent av befolkningen i Norge skal lytte til digitalradio. Før høyrde vi stadig på NRK at vi måtte gå over til DAB, no seier dei helst digitalradio.

Men Aftenposten har lagt fram tal som syner at det bare er 47 prosent som lyttar til DAB så langt. Det er så langt bare 1,67 mill. DAB-radioar i landet, medan det er 16 millionar FM-radioar. Skal heile landet bli nøydde til å kjøpe ny radio i løpet av neste år? Planen er jo å skru av FM-nettet 1. januar 2017.

Dette vil jo gå ut over Valle Radio, som sender på FM. Om ingen har eller nyttar FM-radio, er det jo ingen vits i å sende på det nettet, og om alle lyttar på digitalradio, vil dei ikkje finne Valle Radio der. Vi er på Internett, men ikkje på digitalradionettet.

I dag las eg i Aftenposten at Frp vil ha omkamp. No sit dei i posisjon, dei var dei einaste som stemte i mot då saka var oppe i Stortinget, og no førebur dei ei stortingsmelding om saka. Det er jo ei større drøfting, så det spørs kva politikarane seier denne gongen, om dei meiner det same som før.

Norsk Lokalradioforbund har vore uenig i at FM-nettet skal stengjast, for det vil gå ut over lokalradioane. Det er bare NRK og nokre av dei største konkurrentane som har ressursar til å gå over til DAB, NRK har jo alt gjort det. Men lokalradioane overlever ikkje om det vert DAB frå 2017, seier Svein Larsen, styreleiar i Norsk Lokalradioforbund. Han trur at Stortinget vil snu. I så fall kan vi kanskje oppleve at Valle Radio blir 20 år, det vil jo skje i desember 2017.

Gratulerer, Kristoff

Share

For 11 månader sidan, i ausande regnver, sykla Alexander Kristoff første etappe i Tour des Fjords. Rittet starta i Valle fredag 18. august, og sundag stod han i Stavanger som vinnar av rittet etter tre etappar. I mai i år fylgde vi han i årets utgave av rittet, ein dag lenger, start i Bergen, mål i Stavanger, og sanneleg var han ikkje vinnar i år igjen og kunne ta med seg son sin på sigerspallen.

Så venta større oppgåver. I årets Tour de France såg vi han ta to andreplassar tidleg i rittet, før det vart magesjau og vanskeleg å hevde seg. Så vann han over mageproblema, og i dag vart det sanneleg etappesiger i verdas største sykkelritt. Mange store kanonar har måtta gje seg på grunn av uhell, men han har halde seg på to hjul og denne gongen lukkast det. Dermed vart han den femte nordmannen som fekk ein etappesiger i rittet.

Tour de France er triveleg å fylgje med på TV. Sjølvsagt får ein ikkje med seg det mangslungne folkelivet langs løypa, men dei som kransar løypa får i grunnen bare eit svusj, så er dei forbi, nokre gonger i 60-70 kilometers fart. Det var i grunnen det som undra meg mest då eg såg dei i Tour des Fjords, den farten dei hadde forbi meg der i Valle sentrum i regnet den fredagen. I 30 graders varme i Frankrike går det endå fortare, så det er ikkje lenge ein kan sjå dei live om ein stiller seg opp ved løypa.

Men på TV syter TV2 og Eurosport for at vi som sit heime, får orkesterplass til verdas mest omtalte sykkelritt og kan gle oss med endå ein norsk vinnar. Gratulerer, Alexander Kristoff!

Glimt frå Hovden

Share

Sommeråpent på NRK i kveld hadde glimt frå Hovden. Det var ikkje mykje, programforma for Sommeråpent i fjor med båten som stoppa på stader var mykje meir distriktsvennleg enn den gamle folkevognbussen som svingar innom. Hovudprogrammet er frå Operataket, det er hovudstadsorientert først og fremst.

Men kulturpatrulja som dansa gangar og Sigrid Kjetilsdotter Jore som talsmann, det var tradisjonsrikt og fargerikt. Så kom skisport om sommaren i form av ein rampe der folk kunne renne ned og vise triks, det gjorde til og med programleiar Ida Nysæther Rasch. Det var alt eg fekk med meg, to små glimt frå Hovden.

Når ein tenkjer på all kulturen som finst i Setesdal sommarstid, så kunne nok ein heil kveld vore fylt med glimt frå Setesdal, det hadde truleg vore flott å få sjå, men slik var ikkje forma denne gongen.

Hyggeleg at lille Bykle kommune har fått profilert seg på NRK to gonger i 2014, både 17. mai og no i kveld, det må ein kalle godt jobba frå kommunen si side.