Eit spørsmål om gener

Share

Jo lenger ein lever, jo oftare tenkjer i alle fall eg at det er forskjell på folk. Nokre hugsar tal, til dømes telefonnummer utan problem, andre hugsar fødselsdagar og bilnummer. Nokre hugsar ansikt, men kan ikkje kome på namnet, andre hugsar namn, men kan ikkje kople til ansikt, og slik kunne ein halde fram.

Denne helga har eg kome til at det må vere ulike gener når det gjeld å hugse opplevingar, gåver og slikt. Eg har i lang tid vore klar over at eg har problem med å hugse kven som gav kva i bryllupsgåve, det har eg i grunnen visst heilt sidan eg gifta meg sjølv, og å hugse kven som har gitt barna kva i gåve opp gjennom åra har eg sjeldan brydd hovudet med. Andre treng heller ikkje bry hovudet med det, dei bare hugsar det.

Du som les dette, vil vite at mor døydde for eit par månader sidan. Ettersom far døydde før mor, er det no på tide å dele for oss barna, og vi valde difor eit prinsipp om at gåver vi hadde gitt, kunne like gjerne gå til den som gav gåva, som å gå til andre av søskena. Men medan eg og bror min i liten grad hugsa kva vi hadde gitt til mor, sjølv ikkje dei siste åra, kunne søstrene våre utan problem hugse slikt langt bakover i tida. Det var då eg konkluderte for meg sjølv at det må vere eit spørsmål om gener. Kanskje til og med eit spørsmål om kjønn.

Og så slo eg meg til ro med det. Skulle eg ha hugsa det, måtte eg ha skrive det opp i ei bok, år for år. De som kjenner meg, veit at det ikkje er min modell, bloggen kan nok fungere som dagbok, men den er ikkje privat, og gåver og slikt høyrer nok til den private sfæra i livet mitt. I tillegg hadde eg levd mange år før blogging var mogleg, om eg skulle gjort noko slikt før Internett si tid, var det dagbokskriving som gjaldt, og det vart eg aldri nokon varig utøvar av. Kona ler av meg, eg kan starte på ein sjuande sans, men det er sjeldan han varer ut januar, så har eg slutta å skrive i han.

Men det er altså nokon som har både sjuande, åttande og niande sans innebygd. Det må vere eit spørsmål om gener.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *