Førarkort for flyktningar

Share

29. juni var det eit oppslag i VG om at kommunar sponsar førarkort for flyktningar. Det var tale om Åmli og Åseral, men også Valle har hatt ei slik ordning ei tid. Dette blir gjort ved at noko av det integreingstilskotet kommunane får, og som nettopp skal brukast til å dekke kostnader ved integrering, blir utbetalt til flyktningen som klarar å ta førarkortet.

Det kom kommentarar i facebook-feeden min i dag, og dei var negative og meinte at dette måtte og norske førarkort-kandidatar få. Då kunne eg ikkje anna enn å legge inn eit godt ord for den praksisen, for det er etter mi meining ein svært god måte å bruke desse pengane på, i alle fall for flyktningar som bur i grisgrendte strøk som dei kommunane som her er trekte fram. I ein by er det ikkje same trongen for førarkort, så der kan det nok heller diskuterast om ikkje pengane kan brukast på betre måte.

Men flyktningane i Valle må til Evje for å ta førarkort, og først må dei ha lært seg nok norsk til å klare teoritesten. Det er mange som strevar med den, nokre brukar tolk, dei fleste må prøve fleire gonger. Kvar gong går det minst ein tusenlapp i avgift og reisekostnader, så det er ikkje billig. Når så teoriprøven er bestått, kjem kjøretimane, då og blir det mykje å betale. Alt dette må flyktningane legge ut sjølv. Når dei så endeleg har bestått førarprøven, kjem refusjon av det beløpet kommunen har vedteke å støtte opplegget med.

Så kan dei starte livet som sjåfør og dermed utvide radiusen for å søke seg jobb. No er det ikkje lenger gåavstand som tel, no kan dei kome seg rundt i dei indre bygder der det måtte vere jobbar å finne. For flyktningane som bur i Valle betyr det at dei kan få seg jobb på Rysstad eller i Bykle, utan førarkort ville dei måtte få sosialstønad frå kommunen. For om dei ikkje har hatt jobb, har dei jo ikkje rett på arbeidsløysetrygd.

Førarkortet er hjelp til sjølvhjelp. Det er integrering på sitt aller beste. Ikkje mange i arbeidsfør alder i dei indre bygder kan leve utan førarkort, heller ikkje flyktningane. I byen kan ein ta buss til jobb, den går kvar halvtime, mange stader oftare, andre stader kvar time. I Valle er det ein buss morgon og ein buss kveld, avreise 7.20, heim 19.20. Det ville bety mange og lange timar med venting på Rysstad om ein var avhengig av slik transport for ein jobb der. Og lite tid til å delta i sosialt liv etter at ein kom heim. Å hjelpe flyktningar til å få førarkort er eit gode som betalar seg for kommunen.

Dei fleste norske tek førarkort når dei fyller 18, gjerne medan dei er på vidaregåande skule. Folk som ikkje kjem til landet før dei er langt over 18, etablerte familiefolk, har ein annan situasjon. Dei kan ikkje samanliknast.

http://www.vg.no/forbruker/bil-baat-og-motor/bil-og-trafikk/flyktninger-faar-sponset-foererkort/a/10051236/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *