Gratulerer, Kristoff

Share

For 11 månader sidan, i ausande regnver, sykla Alexander Kristoff første etappe i Tour des Fjords. Rittet starta i Valle fredag 18. august, og sundag stod han i Stavanger som vinnar av rittet etter tre etappar. I mai i år fylgde vi han i årets utgave av rittet, ein dag lenger, start i Bergen, mål i Stavanger, og sanneleg var han ikkje vinnar i år igjen og kunne ta med seg son sin på sigerspallen.

Så venta større oppgåver. I årets Tour de France såg vi han ta to andreplassar tidleg i rittet, før det vart magesjau og vanskeleg å hevde seg. Så vann han over mageproblema, og i dag vart det sanneleg etappesiger i verdas største sykkelritt. Mange store kanonar har måtta gje seg på grunn av uhell, men han har halde seg på to hjul og denne gongen lukkast det. Dermed vart han den femte nordmannen som fekk ein etappesiger i rittet.

Tour de France er triveleg å fylgje med på TV. Sjølvsagt får ein ikkje med seg det mangslungne folkelivet langs løypa, men dei som kransar løypa får i grunnen bare eit svusj, så er dei forbi, nokre gonger i 60-70 kilometers fart. Det var i grunnen det som undra meg mest då eg såg dei i Tour des Fjords, den farten dei hadde forbi meg der i Valle sentrum i regnet den fredagen. I 30 graders varme i Frankrike går det endå fortare, så det er ikkje lenge ein kan sjå dei live om ein stiller seg opp ved løypa.

Men på TV syter TV2 og Eurosport for at vi som sit heime, får orkesterplass til verdas mest omtalte sykkelritt og kan gle oss med endå ein norsk vinnar. Gratulerer, Alexander Kristoff!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *