Jubileumsfest med særpreg 3

Share

Eg er framleis i jubileumsmodus og takksam for at eg fekk vere med på jubileumsfesten for Hylestad kyrkje 175 år.

Sjølv hadde eg ein rolle i festen ettersom eg var med i komiteen som førebudde arrangementet, saman med Siri Melhus, Åse Hovet, Sissel Åkre og Leonhard Jansen. På dei siste møta var og Sissa Ringstad og Astrid Nomeland med.

Eg hadde i oppdrag å time programmet i soknehuset, og det sprakk med ein time, så den jobben var jo ikkje heilt etter planen. Eg hadde tenkt vi skulle slutte mellom halv fire og fire, men ho vart halv fem før alle hadde fått rosene og Kim André Rysstad hadde avslutta med Langt inn på ville heii.

Sjølv hadde eg ei lita helsing og på festen. Eg hadde trong for å seie litt om samanhengen som førte til at Hylestad kyrkje var vegkyrkje frå 1993 til 2005. Då eg kom til Valle i 1991, fekk eg hus i Hylestad. Eg kom i august, og noko av det flottaste med Hylestad kyrkje var det nye orgelet, som var blitt vigsla i mai same året. Så eg tenkte at det var dumt å ha eit orgel til ein million kroner og så bruke det så lite.

På denne tida var det frå sentralt hald i kyrkja fleire initiativ for å få i gang vegkyrkjer, og eg reiste på eit seminar om dette i Oslo og fekk inspirasjon til å arbeide for å etablere vegkyrkje i Hylestad kyrkje. Alt i 1992 hadde vi litt arbeid i gang, men frå 1993 var det musikkandaktar og kyrkjevertar som stod for guiding og kaffeservering. Orgelet var den utløysande faktor, og mange som var innom, var imponerte over instrumentet. Men kyrkja hadde ikkje organist med utdanning, og vi var på jakt etter det. Ein dag kom Pieter Leebeek innom, han var på ferie frå Nederland, og han fekk prøve orgelet. Vi snakka saman og han sa at om eg greidde å skaffe stilling, ville han søke. Han hadde spesialisert seg i improvisasjon i utdanninga si, men han spelte flotte verk på det vesle orgelet.

Resten er historie, vi fekk kommunen med på å etablere full stilling som organist, og i mange år var det musikkandaktar i Hylestad kyrkje dei fleste dagar i sommarsesongen, det var innbakt som ein del av stillinga for organisten. I dei 25 åra som har gått sidan 150-årsjubileet, er den aktiviteten det som mest har særprega Hylestad kyrkje. Sjølv om ein i dag ikkje har guiding, står kyrkja framleis open i sommarsesongen for vegfarande som vil ha ei stille stund på turen.

Sverre Olsen skreiv i 1990 salma Kirken strekker sine hender. Den handlar om det riket som skal komme. Men Hylestad kyrkje strekkjer seg ut mot dagens menneske for å minne oss om at det kviler ein himmel over livet, at vi kan ha godt av å stoppe opp og tenke på Gud både i ungdoms og manndoms år.

Eg hadde ikkje skrive manuskript, så eg fekk vel ikkje sagt det så godt i helsinga mi som eg hadde planlagt, men dette var nokre av dei tankane eg gjorde meg i samband med jubileumsfeiringa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *