Premiar som ikkje vert henta

Share

Vi er takksame for alle som kjøpte lodd i påskelotteriet 2014. Dei aller fleste har no betalt, så på det viset skulle vel lotteriet vere ferdig.

Men eg snakka med Reidar Tveito i dag, og han kunne fortelje at ikkje alle hadde henta dei premiane han sponsa lotteriet med. Det var boka om Setesdalsbanen, og han hadde lagt ut bøkene så dei kunne verte henta på bokhandelen på Evje og på Birting i Kristiansand.

No er påska gått over i sommar og det er vel få som tenkjer på premiar i påskelotteriet, sjølv om dei har fått tilsendt gåvekorta. Difor hadde Reidar fått namnelista for kven som vann, så no ville han hente bøkene som enno ikkje var henta, og så ville han sjølv syte for at dei kom til vinnarane.

Det er vel ofte slik at ein vinn premiar i ulike lotteri, og så hentar ein ikkje gåvekortet eller premien om ein ikkje er til stades. Det var jo grunnen til at vi la om heile premieutleveringa og gjekk over til gåvekort, det var mange som ikkje henta premiane der vi la dei ut for å hentast. Når det så gjekk nokre veker, vart bensinstasjonane lei av å ta vare på dei. Gåvekort som vert sendt til vinnarane, skulle vere lettare.

Men det er ikkje alltid slik. Sjølv vann eg eit gåvekort i ein konkurranse på wikipedia i vinter, og den har eg enno ikkje henta, så eg skal ikkje kaste stein, for eg sit i glasshus. Men eg kan jo peike på eit problem.

Elles kunne Reidar Tveito fortelje at den nye boka han har laga om bruer på Riksveg 9 snart er ferdig frå trykkeriet. Då kjem ho til ein bokhandel nær det, og så kan du kjøpe den i staden for å vinne den.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *