Prestelista vart blåare

Share

På Setesdalswiki har det vore ei liste over prestar i Valle. I samband med jubileet for Hylestad kyrkje, tenkte eg at eg ville arbeide litt for å få artiklar om desse prestane, altså gjere dei røde lenkene blå. Blå lenker har artiklar, medan røde lenker venter på å verte skrivne. Kvar dag eg skriv på Setesdalswiki, kjem det fleire røde lenker, i dag var det 10.505 røde lenker og 5370 artiklar, det er altså mest dobbelt så mange røde lenker som det er artiklar i databasen.

Stoff til nokre artiklar fann eg då eg leita på Internett, ikkje minst ved hjelp av ulike bøker med informasjon om prestar og teologiske kandidatar. I Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad er det ein stor artikkel med omtale av prestane, kan hende er det frå den artikkelen lista over prestar i Valle er laga. Difor har eg og nytta omtalen i desse artiklane når eg har skrive artiklar. Torjus Åkre har granska ein del og hatt tilgang til kjelder eg ikkje har, både visitasprotokollar og andre originaltekstar. Eg synest det er godt å få noko av dette fram i lyset ved å bruke det i artiklane om prestane på Setesdalswiki.

Av og til kan eg og lage lenker som gjer at teksten som i utgangspunktet omtalte noko, vert kopla saman med det han omtalar. I dag gjorde eg det med den salma som Johan Nikolai Frantzen fekk med i Landstads reviderte salmebok: Satan skal i støvet tredes. Så no kan du lese den teksten utan å ha den gamle salmeboka for hånda.

Så sit eg her og lurer på om eg skal gå vidare. Eg har vel i grunnen alt lagt til rette for å gjere det ved å lage lenke av tittelen på salmesamlinga som Frantzen gav ut i 1851. Då hadde han vore i Valle i seks år, og sjølv om han var ein aktiv mann, fekk han tid til å dikte. Torjus Åkre skriv Han vart ikkje sett høgt som salmediktar. Salmane var trøyttande, einslungne og jamt utan stemning, vart det sagt. Likevel lurer eg på om eg skal gjere eit forsøk på å trekkje fleire av tekstane hans fram i lyset. Eg får sjå. Bak den blå lenka vil det i alle fall kome ein tekst om boka han gav ut.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *