Rundtur

Share

Eg hadde eit ærend til Kristiansand i dag. Reidun og Helge valde å vere med, og så laga vi det til ein rundtur. Det eg skulle ordne i Kristiansand var ordna klokka 12, og så bar det oppover mot Vennesla. Det er sjeldan eg køyrer den vegen på tur til Valle, men no tok vi oss tur til å svinge innom Iveland og sjå korleis bygget Åkle veks og er med på å forme Birketveit til eit sentrum for kommunen.

Vel framme på Evje var det tid for middag, og dei trivelege jentene på Pernille hadde vårrullar på menyen, så det vart to vårrull og ein hamburger på oss tre. Dette vart toppa med softis til dessert, så vi var gode og mette etterpå. Før vi drog vidare rakk eg ein tur innom tikronerskassa til Setesdalen Libris, eg gleder meg til å pakke opp det eg fann der seinare.

Turen oppover Setesdal var ei oppleving i godt ver og med temperatur som svinga mellom 25 og 30 grader. Då er det godt med klimaanlegg i bilen. Trafikken var høveleg, og det var lenge sidan Helge hadde kjørt oppover dalen, så det var litt av kvart å snakke om. Ikkje minst kunne vi glede oss over utbetringa av vegen som er kome nord for Ose. Då kunne vi bare setje på cruisekontrollen og la det gå i høveleg fart heilt til Besteland. Når bomstasjonen der er borte, er det ingen grunn til å klage på utviklinga frå eg flytta til Setesdal i 1991.

Vi måtte svinge innom parkeringsplassen til Nomeland skule og sjå treet som stod like utanfor huset vi budde i der. Eg trur det er det einaste som framleis står etter på tomta. Etter ein liten tur innom i Leite gjekk så ferda over fjellet til Sirdal. Trafikken på den smale vegen var ikkje så stor i dag, så turen gjekk fint, men vi måtte reflektere litt over hyttebygginga som har skjedd i begge endar av vegen. Det er lagt ned mykje pengar både i Brokke og i Sirdal sidan vegen kom i 1990. Det tyder vel på at folk har hatt god råd.

Etter ein liten stopp på Jokerbutikken på Svartevatn, gjekk ferda vidare nedover til Dorgefoss. Eg må som regel stoppe litt der når eg køyrer forbi, det er spesielt å sjå ned i juvet der. No er det fint lagt til rette med rasteplass og toalett og informasjon frå Vegvesenet.

Ferda gjekk vidare nedover Sirdal til Tonstad, men det var blitt kveld, så vi stoppa ikkje der, i grunnen var vi ikkje blitt svoltne heller sjølv om det var gått noko tid sidan vi hadde middag på Evje. GPS-en sa at vi skulle svinge av på Sandvatn og kjøre til Gyland, deretter fann han ein veg til Feda som eg aldri hadde vore på før. Feda er jo og ein stad vi kjører over no, så det var mange år sidan sist eg rulla gjennom denne bygda. Så fekk eg prøve korleis det var å kome opp på E-39 derifrå gjennom tunnelen og plutseleg var eg på kjente trakter og kunne legge meg i køen av bilar som skulle sørover.

Det var ein rundtur eg hadde glede av. I ferien skal ein prøve å gjere noko ein har glede av, så det var ein vellukka feriemåndag i dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *