Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke 2

Share

I går skreiv eg litt om fredagskveldane i Lyngdal kirke. I kveld vil eg skrive litt om solistane og det dei framførte. Kvelden starta med Ilze Janzeme som spelte Hjemad av Edvard Grieg på flygelet i kyrkja. Ho er frå Latvia, ein biografi på engelsk finn du her: http://ilzejaunzeme.com/biography2/

Ilze kom i kontakt med folk i Lyngdal for åtte år sidan i samband med eit utvekslingsprogram mellom Lyngdal og heimbyen hennar i Latvia. Sidan har ho spelt i Lyngdal kyrkje kvar sommar. Ho er ein vesentleg grunn til at ein i dag har eit flott flygel i kyrkja, ein så god pianist måtte få eit betre instrument enn det gamle pianoet som var der frå før. På YouTube kan du høyre Einar Steen Nøkleberg spele Hjemad, https://www.youtube.com/watch?v=d1lg6vGsvm0

Seinare i programmet spelte ho Norsk dans nr. 3 og 4 firhendig med Magrete Moen Birkedal, så det er tydeleg at ho har gjeve Grieg sin musikk ein stor plass på repertoaret sitt. To verk av Chopin fekk ho og plass til: Fantasie-impromptu opus 66 var storslått og krevande, og Ballade i g-moll, opus 23 var magisk i framføringa. Desse var nok dei største verka i kveldens konsert.

Elles presenterte ho musikk av Farsunds-komponisten Signe Lund Skabo og av landsmannen Emīls Dārziņš. Ho bytta på å sitje på pianokrakken med Margrete Moen Birkedal, så det kan hende eg blandar litt om kven som spelte kva, men i tillegg til dei komponistane eg har nemnt, fekk vi høyre Ave Maria av den georgiske komponisten N. Gabunia og Beata es Virgo Maria av R. Dubra, her til song av Ingrid Grøvan, som og song tre songar for obo og song av Vaughan Williams, då med Torunn Irene Kristensen på obo. Ho avslutta si avdeling med Johan Kvandals Å, her møter mangt og A. J. Gordons Eg elskar deg Jesus. Som ekstranummer etter roseutdeling framførte alle You raised me up. Er det rart om det var trampeklapp i sommarkvelden?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *