Vil det bli DAB?

Share

I dag er det 163 dagar att til nyttår, og 1. januar er fristen for at minst 50 prosent av befolkningen i Norge skal lytte til digitalradio. Før høyrde vi stadig på NRK at vi måtte gå over til DAB, no seier dei helst digitalradio.

Men Aftenposten har lagt fram tal som syner at det bare er 47 prosent som lyttar til DAB så langt. Det er så langt bare 1,67 mill. DAB-radioar i landet, medan det er 16 millionar FM-radioar. Skal heile landet bli nøydde til å kjøpe ny radio i løpet av neste år? Planen er jo å skru av FM-nettet 1. januar 2017.

Dette vil jo gå ut over Valle Radio, som sender på FM. Om ingen har eller nyttar FM-radio, er det jo ingen vits i å sende på det nettet, og om alle lyttar på digitalradio, vil dei ikkje finne Valle Radio der. Vi er på Internett, men ikkje på digitalradionettet.

I dag las eg i Aftenposten at Frp vil ha omkamp. No sit dei i posisjon, dei var dei einaste som stemte i mot då saka var oppe i Stortinget, og no førebur dei ei stortingsmelding om saka. Det er jo ei større drøfting, så det spørs kva politikarane seier denne gongen, om dei meiner det same som før.

Norsk Lokalradioforbund har vore uenig i at FM-nettet skal stengjast, for det vil gå ut over lokalradioane. Det er bare NRK og nokre av dei største konkurrentane som har ressursar til å gå over til DAB, NRK har jo alt gjort det. Men lokalradioane overlever ikkje om det vert DAB frå 2017, seier Svein Larsen, styreleiar i Norsk Lokalradioforbund. Han trur at Stortinget vil snu. I så fall kan vi kanskje oppleve at Valle Radio blir 20 år, det vil jo skje i desember 2017.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *