Gamle sangar

Share
Foto: Brit Obrestad
Kvar syng med sitt nebb. Foto: Brit Obrestad

Sangkvelden i kveld laga eg med utgangspunkt i ei gammal LP-plate eg har arva. Ingen av søskena ville ha platene etter mor, vi har jo ikkje platespelar lenger. Så tok eg dei med og sa at eg kunne spele nokre av dei i Valle Radio.

Utøvarane gjorde at vi vel helst måtte gå 40-50 år tilbake i tid. Dei var aktive i dampradioen sin ønskekonsert midt i forrige hundreår. Men kanskje nokon fekk gjenhøyr med artistar dei var glade i å høyre ein gong. Her er spelelista:

  • Herrens bønn. Karsten Ekorness
  • Å tro det er å legge. Meloditersetten
  • No syng det i mitt hjarta. Randulf Saunes
  • I himmelen. Grimstadkoret
  • Hellig, hellig. John Weyer Larsen
  • Alltid freidig når du går. Anna Marie Lyngstad
  • Jesus, Frelser, los du meg. Frank Nordli
  • Herre, gjør meg stille. Grimstadkoret
  • O, bli hos meg. John Weyer Larsen
  • Med Jesus vil eg fara. Meloditersetten
  • Guds kjærlighet. Karsten Ekorness
  • Å leva det er å elska. Anna Maria Lyngstad
  • La meg få høre om Jesus. Frank Nordli
  • Tenk når engang. Randulf Saunes

Grimstadkoret kom ikkje frå Grimstad, men frå Sunnmøre, der etternamnet Grimstad var felles for dei fleste av medlemmene. Det vart stifta i 1942 som ein mannskvartett, etter kvart utvida til eit mannskor.

Nokre av artistane her har artikkel på Wikipedia, andre er vanskelege å spore opp noko om på Internett. Men å høyre dei i kveld var gjenhøyr med ei svunnen tid og godt å ta med seg.

One thought on “Gamle sangar”

  1. Hei. Jeg lette etter treff på mitt søkerord: Meloditersetten. Jeg er nevø av lederen for denne trioen, og hun het Ruth Elna Hagen (1920-1993). Jeg sitter og blar i hennes gamle album, og det er mye om denne gruppa der. Husker dem godt, selv om jeg på 60-tallet heller ville høre på popmusikk! I alle fall. Jeg har et par 78-plater med gruppa, og mye minner om min tante, da jeg vokste opp i samme hus som henne. Hyggelig å finne sider der deres innspillinger er nevnt, og kanskje en og annen spiller dette gamle fortsatt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *