Nissens gode hjelpar

Share
Linda Rabbe Haugen henta julegave
Linda Rabbe Haugen henta julegave

Tidlegare i haust skreiv eg om ei av dei mange jolegåvene som har kome frå strikkemaskinen til Reidun. Då fekk eg ein kommentar frå Linda Rabbe Haugen om at ho kunne vere postbod om gåva skulle oppover i Setesdal.

I dag tok eg ein telefon til Linda og spurde om ho kunne ta med ein pakke til Valle. Ho bur i andre enden av Tregdevegen, så eg kunne ta turen bort med den.

-Vi skal ha avslutning i barnehagen, men om de er heime klokka 17. 30, kjem eg innom og hentar den. -Ingenting er betre enn det, vi er heime. -Då har vi ein plan, sa Linda, som var på jobb då vi snakka saman.

Halv seks svinga ein bil inn i tunet, det ringte på døra, og der stod julenissen sin gode hjelpar. Det var Reidun som opna, dei prata litt saman medan eg fekk i meg siste rest av middagen. Så henta eg nettbrettet og skunda meg ut i døra for å få eit bilete av min hjelpsame tidlegare elev, no seniorrådgjevar hos Reijlers. Då friska ho og Reidun opp informasjon om Sigmund og Margunn, Sigmund gjekk klassen under Linda på Valle skule for mange år sidan.

I morgon går turen til Valle for Linda og familien, og då er pakken med. Så finn ho nok mottakaren der i kveldinga.

-Skulle det vere behov ein annan gong, må de bare seie ifrå, var helsinga før ho reiste. Takk for det, gode Linda!

One thought on “Nissens gode hjelpar”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *