Kvar song ei soge

Share

Dette er tittelen på ein dokumentarfilm som skal visast på kulturkveld i Bykle komande laurdag. Då kjem kvedaren Inger Lien frå Møsstrond for å presentere filmen. Ho var med i Valle Radio i Aktuell time i kveld, tirsdag 31. januar 2017, og fortalde om filmen og om korleis kveding er ein tradisjon i bygda ho kjem frå.

Her er litt meir om filmen, som er nominert til Amanda, henta frå filmweb.no

Opp gjennom hundreåra har songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. KVAR SONG EI SOGE er ein film om dei som syng, som set pris på og fører desse songane vidare den dag i dag.

I songen skaper folk rundt Møsvatn, høgt til fjells, 900 moh og tett på Hardangervidda, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minne og forventningar. I eit ubrote samspel fortel songen historiar og skaper historie. Slik blir kulturarva levande i kvardag og fest frå vogge til grav.

Kultur er ikkje noko gitt, men ei alltid uavslutta oppgåve. Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare. Varmt og nært, muntert og sorgfullt blir det i KVAR SONG EI SOGE fortalt om det å høyre til, reise bort og å lengte heim.
REGISSØREN OM FILMEN:

Det er ikke lenge siden vi sang for maten, før hver time på skolen, i kirkebenken – men de aller fleste luller fortsatt ungene sine i søvn med noe som ligner på ei voggevise. Sangen bærer vi med oss bestandig uansett om vi mister alt. Folkesangen er ikke det hotteste temaet i dagens verden preget av konflikter og flyktningstrømmer. Men glem aldri hva Berthold Brecht skrev: «Et folk som synger kan aldri dø!»

Eller som Hillborg Romtveit sier det i traileren: «Eg trur at hadde eg ikkje songe, so hadde eg sikkert vore galen».

«Kvar song ei soge» foregår i Norges høyst beliggende bygd, Møsstrond, 908 moh. Den er delvis veiløs og har 115 innbyggere. Møsvatn er ikke et hvilket som helst vann. Utbyggingen av vannet resulterte i 1904 i da verdens største kraftstasjon. Krafta fra vannet dannet grunnlag for Hydros produksjon av kunstgjødsel, og etterhvert også tungtvann.

Paradoksalt nok har folkesangen fortsatt en betydningsfull plass i hverdagen i denne tidlig industrialiserte høyfjellskulturen. Her har folk i uminnelige tider valgt å synge for hverandre og ungene sine. Det synges fortsatt i hele landet og det er langt flere som bærer på folketonene våre enn vi tror.

Med denne filmen ønsker jeg å rette oppmerksomheten mot hverdagens estetikk og etikk. Jeg håper at folk etter å ha sett filmen også stiller seg spørsmål om hva de selv ønsker å videreføre i vår kultur til kommende generasjoner. Sangen kan aldri vernes og sikres. Den kan bare bæres videre av menneskene selv.
Om regissøren:

Aaslaug Vaa (født 1955) er utdanna agronom, allmennlærar og cand. phil. med fagkretsen historie, filosofi og kunsthistorie. Hun har jobbet i kultursektoren siden 1981.

Hun har regissert den prisbelønte SING LINGELING som mottok NRKs publikumspris under Kortfilmfestivalen i Grimstad 2014, er vist ved en rekke norske filmfestivaler, innkjøpt av NRK Super og bibliotekene, samt vist på AftenpostenTV.

I tillegg har ho produsert STJERNER OVER LOFOTEN og REISEN GJENNOM LOFOTEN. KVAR SONG EI SOGE er hennar fyrste dokumentarfilm.

Aaslaug var kino- og kultursjef i Åsnes fra 1981 til 1986 og fylkeskultursjef i Nordland fra 1986 til 2008. Under hennes ledelse ble det etablert institusjoner som bl.a Figurteateret i Nordland, Nordland kunst- og filmfagskole, Arkiv i Nordland, Kulturminner i Nordland, Hamsunsenteret på Hamarøy samt «Skulpturlandskap Nordland». I tillegg har hun hatt en rekke styreverv i norsk kulturliv, samt vært redaktør og forfatter på flere publikasjoner.

Tysdag 31. januar 2017

Share
Så er det klart for sending i Valle Radio siste dagen i januar 2017.  Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen.
Tysdag 31. januar

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel

18.30 Sangtimen
19.30 Aktuell time, mellom anna med Agnese Bjerkholt

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland med musikk av Jan Pieterzoon Sweelinck
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 1. februar vert det ikkje sending –
me sender til heile dalen fredag 3. februar!
Program kjem!
NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 eller via http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Siste søndag i januar 2017

Share

Så går siste søndag i januar 2017 over i historien. Den ble litt spesiell i og med at vi våknet opp til hvit plen. Årets vinter har jo ellers vært grønn til nå. Jeg tok et bilde rundt klokka 12, da var veien svart, og ikke så lenge etter var det meste borte. Jeg er blitt så gammel at jeg liker best når snøen kommer ferdig måket, var det en som sa, og jeg er enig med vedkommende.

Ellers benyttet jeg dagen til å lese litt i Bibliotekaren, bladet som min datter Margunn har i oppgave å skrive leder til en gang hver måned. Jeg fant en artikkel der om Wikipedia også, så det var litt kjent stoff. Nå har wikipedia en måned hvor de jobber mye med kilder til artiklene, artikkelen handlet litt om betydningen av kilder i et nettleksikon i vår tid. Når alle kan redigere, bør det som skrives ha en kilde, ikke bare trekkes ut fra eget hode.

Det samme gjelder for så vidt også på Setesdalswiki, men der er forholdene litt mindre, så vi er ikke helt konsekvente, og vi godtar også muntlige kilder, det gjør ikke wikipedia.

Og så må jeg jo gratulere håndball-gutta med sølv i VM. Fredagens kamp var en sjelden opplevelse, i dag var det mer som det skulle være, Frankrike vant og publikum var lykkelige. Heldigvis var det så vidt jeg vet ikke noen terrorsituasjoner i forbindelse med dette arrangementet, så nå er det bare å hylle de som kommer hjem med sølv.

 

Bursdag i Lyngdal

Share

I kveld var vi i bursdag i Lyngdal. Svoger Ole Thorvald Moen fylte 70 år og hadde invitert familie og venner til selskap på Å bedehus. Kjelleren der er godt egna til slike samlinger, det er god plass til både 70 og 80 personer der.

Barna stod for en stor del av underholdningen, og ettersom det er en sangglad familie, ble det mye sang og musikk. Her ser vi Odd Håvard, Gunn Randi, Margrete og Torunn fremføre en musikalsk hyllest til sin pappa.

Land ingen har sett

Share

Den siste tida har eg lese Land ingen har sett, den tredje boka av Edvard Hoem si slektskrønike. Eg har lånt ho som e-bok på biblioteket, dermed kan eg ikkje bla i henne på same måte som om eg hadde ei papirbok ved sida av datamaskinen når eg skriv dette.

Men det er ei sterk bok som er svært interessant å lese og eg er samd med anmeldaren i VG som sa at største svakheten med boka er at ho er for kort, og ho er på 400 sider. I historia ligg stoff til minst 400 sider til, så han har komprimert mykje. Vi får høyre om korleis det går med pionerane i USA og Canada og om familien heime i Norge. Boka sluttar med at emigranten kjem heim til Molde etter 30 år på andre sida av Atlanterhavet.

Eg las omtalen i VG og undrar meg over at han ikkje i det heile er inne på det sterke religiøse elementet som er i romanen. For her får vi realistisk skildring av tru og tvil, kyrkjeliv i pionertida og vekking i heimlandet. Den kjende predikanten Mathias Orheim stod i vekking på Hoem og prega bygdelivet i lang tid.

Det er ikkje så mange som skriv om kristenlivet sin innverknad på samfunnslivet og livet til folk, men i denne boka får vi eit godt bilete av at trusliv og dimensjonen oppover er viktig for mange av personane i romanen, akkurat som det er viktig for mange i vår tid. Det er godt å få ein tekst som held høg litterær kvalitet og tek med trusdimensjonen, for den har innverknad på korleis vi løyser utfordringar som livet gir, anten det er tale om å bygge kyrkje i Canada eller bedehus i Noreg.

Vi burde få fleire slike bøker, dei famnar heile livet med så mange fasettar.

Ny rådmann tilsett

Share
Foto: Brit Obrestad

Det vart eit kort møte i kommunestyret i Valle i kveld. Dei hadde bare ei sak å handsame, og møtet var lukka under den handsaminga. Men protokollen vart sendt ut alt klokka 19:07, så dei brukte ikkje unødig tid. Klokka 19:32 kom meldinga på NRK Sørlandet sine sider. Vonleg fekk dei det også med i Valle Radio si sending. Eg siterer heile vedtaket:

Saksprotokoll i Kommunestyret – 25.01.2017

Handsaming: Margit Dale la inn krav om skrifteleg røysting. Framlegg frå Margit Dale: Aud Sunniva Fuhr vert ikkje tilsett som rådmann i Valle kommune. Stillinga vert lyst ut på nytt.

Teljekorpset i samband med røystinga vert Knut Haugland, Sissel Åkre og Gunn Marith Homme.

Røysting:

Alternativ 1: Innstilling frå Administrasjonsutvalet 9 røyster Alternativ 2: Framlegg frå Margit Dale 6 røyster

Vedtak: Aud Sunniva Fuhr vert tilsett som rådmann i tråd med rapport og innstilling frå rekrutteringskonsulent Torbjørn Ravnaas

Det var åtte søkjarar til stillinga, seks menn og to kvinner. Lista over søkjarar kan du sjå på Setesdalswiki om du trykkjer på den grøne lenka.

Både – og

Share

 

I morgon er det tillyst kommunestyremøte i Valle. Det brukar ikkje å vere ordinær sending i Valle Radio når det er kommunestyremøte, men i morgon skal dei tilsetje ny rådmann, det er einaste saka, og difor blir ikkje møtet sendt på radio (men kanskje kan du få vite kven som blei tilsett som rådmann om du fylgjer med i Valle Radio).

Difor vert det vanleg sending i Valle Radio med dette programmet:

Ansvarleg: LIv Tanche-Larsen

Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt frå klokka 20.30 Ingeborg Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Komunen informerer ved Henrik West
20.00 Livs time med gjester og musikk. Kveldens gjest er Kannika Kladklang
21.00 Open sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Ny veke og nye reklamar

Share
Foto: Britta Lise Homme

I dag måtte den gamle reklamen for Statoil Rysstad fornyast. Eg veit ikkje kor lenge Torleif Harstad har slått fast at du får det du treng på Statoil Rysstad, men no har stasjonen bytta namn, så nå måtte noko gjerast. I sendinga i morgon kan du høyre resultatet, Torleif var i studio i kveld og Jørund var teknikar.

Frå ein sesong til ein annan er det ikkje så stor endring i reklamane i Valle Radio, og det er ikkje alle reklamane som vert endra denne gongen heller. Men over tid endrar dei seg jo.

Tysdag 24. januar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel med med Haldis Reigstad frå Norea
18.30 Sangtimen med m.a. Klangohalvtimen
19.30 Møteplassen med Anne Karin Kaasa frå Norea
20.00 Aktuell halvtime

20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 eller via http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Lotte og Ronny

Share
Foto: Britta Lise Homme

Så har onsdagssendingane kome i gang att, i kveld med Lotte Rysstad som ansvarleg saman med Ronny Stavsholt. Teknikar var Inga Flateland og programmet var slik:

19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif B Harstad
19.30 Kommunen informerer med rådmann Eivind Berg
20.00 Lotte og Ronnys time
21.00 Opi sending med rebusar og musikk, med Lotte og Ronny.

Vinnarane av rebusløysinga var:
Erlend Magnussen, Hege T. Rygnestad, Torhild Lunden og Torbjørg Harstad,

Eg hadde ikkje høve til å høyre programmet, så dersom nokon kan sende meg melding om innslag i kveldens sending, er eg takksam. Send epost til harhaugl@gmail.com De kan også registrere dykk på Setesdalswiki og skrive på sida til kveldens program der. 

Så startar vi att

Share

Tysdag 17. januar 2017 startar vi opp att med sendingar i Valle Radio etter joleferien:

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel med Kurt Hjemdal frå Norea
18.30 Sangtimen. Homecoming radio frå Filadelfia Kristiansand
19.30 Aktuell time, m.a. med informasjon om World Watch List frå Åpne dører

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 eller via http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Då eg jobba i Valle, kom Niklos innom med programmet slik at eg kunne legge det ut på Setesdalswiki. No får eg det i posten med ei hyggeleg helsing. Første programmet hans i 2017 blir renessansemusikk frå ulike land:
Tomás Luis de Victoria (1548-1611): Gloria in exelsis Deo. Koret i Westminster Cathedral, dirigen David Hill
Girolao Frescobladi (1583-1643): Toccata Prima i g-moll. Walter Kraft på orgelet i Marienkirche, Lübeck
Jan Pieterszoon Sweelinck (1562-1621): Ab oriente venerunt magi. NCRV Ensemble i Hilversum, dirigent Marinus Voorberg. Ved orgelet: Gustav Leonhardt
Sebastian Aguilera de Heredia (1565?-1627) Obra de Otavi Toni Alto (Ensalada). Domorganist Mogens Melbye på orgelet i Ribe domkirke