Kakekveld

Share

Av og til er det grunn til å feire med kake, og i kveld var ein slik kveld. Sigmund og Margaret har vore på leiting etter eit hus på Valderøy etter at ho har blitt organist i full stilling i Giske. I dag kom meldinga om at jakta var over. I april kan dei overta einebolig der etter å ha budd nokre år i rekkehus i Ålesund.

Sjølv reiste han til Oslo i dag og møtte Margunn, dei feira med tre boksar nugatti etter det eg kunne sjå på Facebook. Her i heimen feira vi med kremkake, noko bildet over syner.

Elles kunne ein feire at det var internasjonal kafe på Frivilligsentralen i Valle i kveld der elevane mine stilte opp med internasjonale rettar og at det etter det eg fekk vite var ein strålande kulturkveld i samband med bispevisitasen på ein heilt alminneleg onsdagskveld, som altså ikkje var så alminneleg likevel.