Setesdalswiki og historie

Share

Då Setesdalswiki vart starta, var tanken å gje ei plattform som kunne fortelje om næringsliv og folk i Setesdal. Det er no snart åtte år sidan, og med tida har mykje endra seg. Framleis finn du mykje om næringsliv og folk her, men med tida har det også blitt ein god del artiklar om folk som levde for lenge sidan.

Eit av perspektiva som har kome etter kvart er å få med kva tid folk døyr, det er ofte slik at ein vanskeleg hugsar det når det er gått ei tid. Med nettleksikonet kan ein lett slå opp og finne den informasjonen når ein treng den.

Eit anna perspektiv er slektsgransking. Sjølv om artiklar er korte og små, kan lenker til foreldre eller barn gje grunnlag for å sjå slektsamanheng på ulike vis. Ofte kan stoff frå bygdebøker vere til hjelp når artiklar skal skrivast. Då finn ein og tema som kunne vore emne for større artiklar, men fordi ein ikkje har oversikt, blir det med tanken. Og så tenkjer ein at det får kome seinare, etter kvart som leksikonet veks og får meir innhald.

I dag tenkte eg at eg skulle skrive om Jon Klepp frå Klepp i Bygland. Han døydde i 1994, men han er omtalt i Gards- og ættesoge for Bygland side 423. Der står det og at han var i Nacht und Nebel fangeleir under 2. verdskrigen, og då eg leita vidare, kom det opp ei soge som gjorde sterkt inntrykk. Det vart ikkje fleire artiklar i dag, nokre gonger er det ikkje bare å skrive, men det ein skriv, gjev sterke inntrykk.

Arne Moi møtte Jon Klepp i Bergen Belsen i februar 1945. Truleg var han einaste overlevande i ein transport av 3000 fangar som kom dit. Bildet er frå Bergen Belsen i april 1945.

Frigjeringa av Bergen Belsen i april 1945.