Nye artiklar

Share

Eg sa tidlegare at eg skulle bli flinkare til å fortelje om nye artiklar på Setesdalswiki på facebooksida til Setesdalswiki. Difor tenkte eg at eg kunne nemne nokre artiklar som har kome på plass.

I dag skreiv Geir artiklar om ‎Kåsland og Langåna, ei elv i Vennesla. Eg skreiv om Gunnar T. Harstad i samband med at enka etter han, Ingebjørg O. Harstad, døydde nyleg. Det er også kome på plass artiklar om RysstadåsenBygland SkogskoleEigedomsovergangar i Bygland januar 201Olav Å. Nomeland og Rolvskvil.

Tidlegare dette året skreiv eg om Nils Klepp. Der hadde eg ikkje forstått dødsannonsen heilt rett og fekk difor innspel om noko eg måtte rette. Slik informasjon er eg svært takksam for. Dersom du ser noko som bør rettast, kan du enten ta kontakt med meg eller registrere deg og sjølv rette det. Alle kan bidra i ein wiki, det er noko av prinsippet med denne typen databaser.

Velkommen til å ta ein kikk på nye artiklar på Setesdalswiki. Kveldens blogg illustrerer eg med eit bilete av Rysstadåsen som Geir Daasvatn har teke.

Rysstadåsen sett frå Bjørgum. Løefjødd bak til høgre. Foto: Geir Daasvatn