Fleire nye artiklar

Share

Denne helga har Setesdalswiki fått ei rekke nye artiklar. No er det ei komplett liste over alle matrikkelgardane i Valle, Gardar i Valle. Lista over Gardar i Bygland har enno nokre røde lenker, men kjenner eg Geir rett, har han nok ein plan der også.

Sjølv skreiv eg inn avisa for torsdag. Setesdølen nr. 16, 2017 hadde eit bilete av Mani Marie Baadstø. Ho er årets unge konditor 2017, ei Evje-jente som har vald litt utanom vanleg yrkesveg, tenkjer eg. Der fann eg litt ekstra stoff frå nettstaden baking.dot.no som syner konkurransen ho vann.

Så startar ei ny veke med von om at Setesdalswiki kan vekse endå meir.