Musikk frå barokken

Share
Bach-statuen i Leipzig

Valle Radio er heldig som har ein medarbeidar som Niklos K. Besteland. Han auser av eit langt livs kjærleik til orgelmusikk og kyrkjemusikk og skaper eit rom for ein annan type musikk i eteren enn den syntetiske musikken vi elles høyrer dagen lang. Orgel og kor er musikk som pustar på ein annnan måte, opplever eg.

I kveld var han igjen med i Valle Radio si tysdagssending. Denne gongen hadde han eit program frå barokken der han hadde med dei to store, Buxtehude og Bach saman med forgjengarane deira i respektive Lübeck og Leipzig. Det er tonar frå ei anna tid, men eg er blitt svært glad i desse tonane.

20.30 Postludium[rediger]

Niklos K. Besteland presenterer musikk Buxtehude og Bach og føregjengarar
  • Franz Tunder (1614-1667): «Herr Gott, dich loben wir», koralfantasi spela av domorganist Tillmann Benfer i Verden Dom på Hillebrandt-orgelet (1968). Frå albumet Die Orgeln in Dom zu Verden.
  • Dietrich Buxtehude (1637-1707): «Erhalt uns, Herr, bei deines Wort», koralkantate for SATB, strykarar og basso continuo. Capella Angelica og Lautten Compagney. Dirigent: Wolfgang Katschner, på albumet Dietrich Buxtehude: Dein edles Herz, der Liebe Thron.
  • Johann Kuhnau (1660-1722): «Tristis est anima mea», motett for SATB og orgel. The King’s Consort dirigera av Robert King i St. Jude on the hill i London på albumet Sacred music by Johann Kuhnau.
  • Johann Sebastian Bach (1685-1750): «Herzlich tut mich verlangen», orgelkoral (BWV 727). Spela av domorganist Wilhelm Kümpel på orgelet i Erfurter Dom.